Kva tilbyr vi?
Svangerskapsomsorga er basert på den nasjonale retningslinja utgitt av Helsedirektoratet.
Sjå nyttige lenker lenger ned på denne sida.
Jordmor ynskjer å møte deg så tidleg som mogleg i svangerskapet og bidra til at du får ei trygg og god oppleving av å vere gravid. Du vel sjølv om du ynskjer oppfølging hos jordmor eller lege, eller i kombinasjon. Partner er velkommen!
Jordmor og/eller lege fyller ut "helsekort for gravide" saman med deg og i det høve gjerast ei kartlegging av kva oppfølging ein tenkjer du bør ha i svangerskapet. Du får alltid høve til å kome med spørsmål og tankar.
Ein tilrår at du går regelmessig til konsultasjonar under svangerskapet. Vanlig sjekk er mellom anna: blodtrykk, protein i urin, vektoppgang, vekst av livmora, fosterlyd, korleis barnet ligg i livmora, nokre gonger blodprøver og sjølvsagt spørsmål om korleis du har det.
Dei vanlegaste tema jordmor tek opp undervegs er: fysisk-. og psykisk helse, aktivitet, kosthald og kosttilskot, legemiddel, alkohol og illegale rusmiddel, røyk og snus, oppleving med vald/overgrep, svangerskapsplager, amming, fødsel og barseltid, prevensjon, foreldrerolle.
Tolketelefon vert brukt ved behov.
Etter fødselen får du tilbod om tidleg heimebesøk av jordmor.
Helsesjukepleiar tilbyr deretter ny kontakt med deg,
Kven kan få tilbodet?
Alle gravide som tek kontakt, får oppfølging av jordmor.
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Kontakt:
Kommunejordmor svarar på henvendingar når ho er tilgjengelig på kontoret på kvardagar.
Ålesund sjukehus, fødeavdelinga og legevakt har beredskap for gravide og fødande i kommunen.
Ålesund sjukehus, fødeavdelinga tlf: 70 10 59 40.
Legevakt: 116 117, Naudtelefon 113.
Nyttige lenker:
Fødeavdelinga, Helse Møre og Romsdal.
Gode levevaner før og i svangerskapet - brosjyre frå Helsedirektoratet
Helsenorge, gravid. (English)
Bekkenbunnstrening
Min kropp i ord og bilder - velg språk Zanzu.no (English and other languages)
Trygg mat for gravide - Mattilsynet
Kjenn liv. (English and other languages)
Mamma mia, Sanitetskvinnene
Familie og barn - NAV.no
Spedbarnsmat og amming
Ammehjelpen.
Bryst er best - video
Amming og morsmelk. - FHI sine kunnskapsbaserte råd om medisinske brystkomplikasjoner.
Breastfeeding (english and other languages)
Hvordan du ammer ditt barn.
Tryggmammamedisin.
Svangerskapsdiabetes.
Landsforeningen 1001 dager.
Foreldrehverdag.
Stine Sofie Stiftelsen - 10 smarte tips til alle småbarnsforeldre.
LKB - Landsforeningen for kvinner med bekkenleddsmerter.
Amathea.
Helsenorge, spedbarn.
Helsenorge, fosterdiagnostikk. (English)
Graviditet og arbeidsmiljø - Arbeidstilsynet
Sex og samliv, prevensjon.
Hjelpeinje for deg som opplever vold eller overgrep i nære relasjoner -volinjen.no
Nasjonal veiviser ved vold og overgrep. (English and other languages)
Krisesenter for Sunnmøre. (English and other languages)
Tvillingar/fleirlingar:
Fødsel - tvillingar/fleirlingar, Ålesund
Tvillingforeldreforeningen