Skulebarn

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) skal bidra til kompetanseheving og organisasjonsutvikling i skular, og skal hjelpe skulane i utviklingsarbeid for å medverke til at alle elevane får tilpassa opplæring i ein inkluderande skule.

Kva tilbyr vi?

PPT kan gi råd til føresette og personale i skulen om utvikling, opplæring, trivsel og tilpasning.
PPT gjer ei utgreiing og gir råd om ein elev har behov for spesialundervisning. PPT skal sørge for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det jfr. Oppl.lova § 5-1. Dette gjeld særleg tilråding om rett til spesialundervisning og kva for opplæring som gir eleven eit forsvarleg opplæringstilbod. Du kan lese meir om PPT og spesialundervisning på utdanningsdirektoratet sine sider.

PPT gir sakkunnig uttale om utsett og framskoten skulestart.

PPT gir råd om logopedbehandling når dette fell inn under kommunen sitt
ansvarsområde (sakkunnig vurdering).

Kven kan få tilbodet?

Føresette og elevar i grunnskulealder.
Personalet i skulane.

Korleis få tilbodet?

Føresette kan ta kontakt i hovudsak gjennom skulen evt. gjennom andre hjelpetenester eller direkte.
Meldeskjema (DOCX, 69 kB) skal fyllast ut. Det skal vere gjennomført naudsynt kartlegging og utprøving av tiltak før melding til 
Skulen skal fylle ut pedagogisk rapport som skal ligge ved meldinga.

PPT kan gi råd til skular om barn som ikkje er meldt til PPT, når føresette har gitt samtykke eller det er tilstrekkelig anonymisert.

Skulane kan ta direkte kontakt med sin kontaktperson i PPT eller fagleiar, og aktuelle meldingar kan drøftast på kontaktdagane.

Systemmelding vert sendt til PPT dersom skulane ønsker hjelp til utviklingsarbeid i klasser og liknande.

Kva kostar det?

PPT sine tenester er gratis.

Kva skjer vidare?

Etter meldinga er mottatt vil føresette og meldar få tilbakemelding om planlagt oppstart. Saksansvarleg pp-rådgjevar vil gje tilbakemelding undervegs og etter fullført utgreiing.

Etter sakkunnig tilråding om spesialundervisning, skal rektor i skulen gjere vedtak.

Lover og reglar

Opplæringslova.

Besøksadresse

Helse- og sosialsenteret, Haugneset 20.

Kontakt

Tor Ove Myrseth
Fagleiar
E-post
Mobil 95 08 73 04

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Inger Karin Rørstad
Rådgjevar skule
E-post
Mobil 91 58 29 87

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Sondre Kaland
rådgjevar
E-post
Mobil 46 90 63 15

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Monica Øvreberg
rådgjevar barnehage
E-post
Mobil 97 49 75 99

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Grethe Helen Hellesylt Tynes
Rådgjevar
E-post
Mobil 95 97 07 70

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post