Bålbrenning

I tidsrommet 15.april - 15.september er det generelt forbod mot å tenne opp eld i eller i nærleiken av skog og mark utan særskilt løyve.

Det er forbode å tenne opp eld utandørs på ein slik måte at det kan føre til brann. Dersom du skal gjere opp eld er det viktig å vere klar over at du har plikt til å vise aktsemd. Brot på  denne aktsemdplikta kan føre til både straff- og erstatningsansvar.

Du kan brenne hageavfall eller tenne St.Hansbål utan å innhente løyve, dersom dette ikkje skjer i eller i nærleiken av skog og mark og tilhøva elles gjer det forsvarleg.  LIkevel bør du i slike tilfelle gje melding til brannvesenet over telefon.

Dersom du skal utføre flatebrenning eller brenne hogstavfall i skog og mark, eller utføre gras- eller lyngsviing i eller i nærleiken av skog og mark, er det eit krav at det skal vere ein ansvarleg leiar som skal utarbeide planar for brenninga og som skal sjå til at brenninga vert gjennomført på ein forsvarleg måte. Desse krava vil først og fremst vere aktuelle i samband med jord- og skogbruksverksemd. Det generelle forbodet mot open eld i skog og mark i perioden 15. april til 15. september gjeld ikkje slik brenning.

Lokal forskrift om open brenning  m.m. for Sykkylven kommune

Kontakt

Oddmund Grebstad
Bygnings-/brannsjef
E-post
Mobil 90 92 81 40

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Gjermund Eidem
Brannmeister
E-post
Mobil 91 59 63 00

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post