Tilsyn og meldeplikt/søknadspliktKommunen skal sørge for at røykkanalar i fyringsanlegg, som blir brukt til oppvarming av byggverk, blir feia ved behov. Dette gjeld i hovudsak bustadar og fritidsbustadar. Behov for feiing av røykkanalar skal vurderast for kvart enkelt fyringsanlegg. Frekvens for feiing blir vurdert og fastsett ved feiing og tilsyn, samt gjennom fagleg vurdering av risikoforhold. Tilsyn med fyringsanlegg skal også utførast etter behov og risiko. Sist endra 02.04.2025 10.35 Framgangsmåten ved tilsyn Du får varsel om tilsyn på sms. Telefonnummeret meldinga blir sendt i frå er eit nummer på 14 siffer, og startar på 225801********. Når du mottek sms frå oss om feiing og tilsyn får du to valg; Tast 1 for å bekrefte tidspunktTast 2 dersom oppsatt dag/time ikkje passar. Du må då sjølv kontakte brannførebyggaren og avtale ny dag/tid.Ikkje skriv punktum eller noko anna bak talet, kun talet 1 eller 2. Skriv du noko anna blir meldinga ugyldig. Når du har sendt inn svaret får du ei ny melding med helsing frå brannførebyggaren om at svaret ditt er registrert. Meldeplikt ved montering av eldstad Det er plikt til å melde frå til kommunen ved montering av eldstad. Tiltak som ikkje krev søknad og tillatelse etter Plan og bygningsloven § 20-5 mindre tiltak i eksisterande byggverk. Tiltak som ikkje krev søknad og tillatelse etter Byggesaksforskriften § 4-1. Installering, endring og reparasjon av eldstad i eksisterande byggverk innanfor ein bustad eller branncelle. Oppføring og rehabilitering av skorstein Oppføring og rehabilitering av skorstein er søknadpliktig etter Plan- og bygningsloven § 20-1 f. Digitalt skjema:Skjema for sjekkliste og kontrollerklæring for installasjon av eldstadIkke digitalt skjema (må printe ut og fylle inn opplysningar: Skjema for sjekkliste og kontrollerklæring for installasjon av eldstad. (DOC, 38 kB)Lov og forskriftFeiing og tilsyn med fyringsanlegg er lovpålagt ifølge lov og forskrift:Forskrift om gjennomføring av gebyr for lovbestemt feiing og tilsyn med fyringsanlegg, Sykkylven kommune, Møre og RomsdalLov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaverForskrift om brannforebygging