Fjellskredberedskap - ÅknesetSykkylven kommune er med i Åknes Tafjord Beredskap IKS (ÅTB). Dette er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Stranda, Sykkylven, Norddal, Stordal, Ørskog, Ørsta og Ålesund. Selskapet er oppretta med bakgrunn i kommunane sin risiko ved ev. fjellskred frå Åkneset og Hegguraksla.ÅTB sitt formål er å drive og vedlikehalde befolkningsvarslingssystem for fjellskred og tsunami. Selskapet skal arbeide for eigarkommunane med beredskapsplanlegging, befolkningsvarsling, og elles ivareta eigarkommunane sine interesser innan fjellskredberedskap.Norges vassverk og energi direktorat (NVE) har ansvaret for overvakinga av dei ustabile fjellpartia. Overvakinga av Åkneset og Hegguraksla skjer ved hjelp av måleinstrument som er plassert ute i fjellet. Dersom det skulle bli fare for skred vil befolkninga gjennom automatisk telefonoppringing og sireneanlegg bli varsla.Folket som bur og ferdast her skal kunne være trygge på at overvakinga vil gi oss beskjed i lang tid før raset kjem. Sist endra 13.05.2019 17.10 Om Åknes Tafjord beredskap iks (ÅTB) Meir informasjon om selskapet, kontaktinformasjon m.m. finn du på selskapet si heimeside. https://www.aknes.no/ Fjellskredplanverk, nasjonalt, regionalt og lokalt Nedanfor finn du lenker til fjellskredplanverk. Nasjonal beredskapsplan for fjellskred. Konsekvensanalyse for fjellskred frå Åkneset. Objektplan for Åkneset. Aktørplan, Generell del. Om faresoner og evakueringsoner Sjå faresoner og evakueringssoner i kartet her: www.gislink.no Når du kjem inn på sida: Velg GisLink. Hak av for og opne (+) Samfunnssikkerhet, deretter Fjellskred MR og velg Fare og evakueringssone Åknes. Deretter kan du zoome deg inn på Sykkylven i kartet) Det er sendt ut brev til alle verksemder og husstandar som har adresse i evakueringssonen i kommunen. Breva finn du her: Brev til huseigarar i evakueringssona (PDF, 165 kB) Brev til verksemder i evakueringssona (PDF, 84 kB)