Forsterka ekom - basestasjonar med reservesambandSykkylven kommune har blitt forsterka ekom-kommune. Alle kommunar skal få eitt område med sikring av naudstraumkapasitet i minimum 3 døgn til basestasjonar og viktige sambandsknutepunkt i ekomnetta til dei utpeika områda. I Sykkylven er det rådhuset og området rundt som er utpeika. I tillegg er basestasjonane som dekker dette området utstyrt med reservesamband. Det betyr at lokal kriseleiing og øvrig befolkning, har ein stad dei kan bruke eigen mobiltelefon for å gi og ta imot beskjeder, sjølv ved bortfall av straum over lengre tid. Dekninga eller kapasiteten på basestasjonane vil vere den same, tiltaket inneber ikkje betring eller auke i høve til dette. Sist endra 01.10.2021 09.19 Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon