Kommunal atomberedskap - utdeling av JOD-tablettar

Kommunen sitt ansvar knytt til atomberedskap

Informasjon om kommunen sitt opplegg for utdeling av JOD-tabletter ved ei hending med ukontrollert utslepp av radioaktivt jod.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Strålevernet sitt dokument om plangrunnlag for kommunal atomberedskap:

Kommunenes ansvar  (pkt 4.1. 5. avsnitt)

"Kommunenes rolle og oppgaver ved atomhendelser vil spesielt være å opprettholde sin virksomhet, bistå andre myndigheter med gjennomføring av tiltak og varsling og formidling av lokalt tilpasset informasjon til sin befolkning."

Etter fagleg råd for Kriseutvalget for atomberedskap har Sykkylven kommune  opplegg for distribusjon av JOD-tabletter.

Målgruppa er barn og unge 0 - 18 år, i tillegg til gravide og ammande.

Når det vert gjeve råd om inntak av JOD-medikamentet på dagtid kvardagar, vil barn og unge i målgruppa får utdelt dette i barnehage og skule.  Gravide og  foreldre/pårørande med spedbarn må oppsøke helsestasjonen.

Når slikt råd vert gjeve på kveld eller i helg, vil det vere eit opplegg for utdeling av tablettar på kulturhuset, til dei i målgruppene som ikkje har skaffa seg tablettar sjølv og dermed ikkje har det heime.  Eit råd om inntak av JOD vil ofte følgast av råd om å halde seg innandørs, så det er anbefalt å ha JOD-tablettar heime, slik at ein slepp å reise ut for å hente.

Meir informasjon sjå Direktorat for strålevern og atomsikkerhet ( DSA).