Demensteam

Demensteamet er eit tilbod til personar med mistanke om demens eller kognitiv svikt, og til deira pårørande. Målet er å bidra til tidleg utgreiing, rett hjelp og god oppfølging. 

Om demensteamet 

Demensteamet består av geriatriske sjukepleiarar med kompetanse på demens. Vi samarbeider tett med fastlegen og andre tenester i kommunen. 

Dette får du hjelp til

Vi tilbyr: 

  • Heimebesøk etter førespurnad frå pårørande, fastlege eller heimetenestene 
  • Kartlegging av funksjonsnivå og behov for hjelp 
  • Utgreiing i samband med fastlegen, som har ansvar for medisinsk vurdering og diagnose 
  • Rettleiing om hjelpemiddel som kan støtte hukommelse og gi tryggleik i heimen 
  • Oppfølging og støtte til både personar med demes og pårørande 

Vi brukar ulike verktøy for å kartlegge situasjonen, og pårørande blir involvert i prosessen. 

Kvifor er demensutgreiing viktig? 

Ei grundig utgreiing kan: 

  • Avklare om symptoma kjem av demens eller andre sjukdomar 
  • Gi oversikt over medisinar og behov for endringar 
  • Gjere det mogleg å sette inn riktige tiltak til rett tid 
  • Bidra til betre kvardag for både den som er ramma og dei pårørande. 

Kven kan få hjelp? 

Tilbodet er for: 

  • Personar med mistanke om demens eller kognitiv svikt 
  • Pårørande som ønsker råd og rettleiing 

Teikn på demens 

Typiske symptom kan vere: 

  • Gløymer nylege hendingar 
  • Gjentek seg sjølv og leitar etter ord 
  • Er forvirra om tid og stad
  • Har vanskar med å kjenne igjen folk 
  • Gløymer innlærde ferdigheiter 
  • Endra personlegdom eller svekka dømmekraft 
  • Har problem med å klare seg i kvardagen 
  • Mistar initiativ og interesse 
  • Opplever humørsvingingar 

Pris på tenesta

Tilbodet frå demensteamet er gratis. 

Slik får du hjelp 

Du kan ta kontakt med demensteamet via telefon eller e-post. Kontaktinformasjon finn du nedanfor eller i høgremargen på sida.