Omsorgsstønad

Omsorgsstønad kan ytast til personar som har særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Kven kan få tilbodet?

Personer som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid, kan få innvilga omsorgsstønad. Omsorgsstønad skal gi søkjar ein viss økonomisk kompensasjon for det omsorgsarbeidet som utførast. Ordninga skal legge til rette for privat omsorgsarbeid frå pårørande eller andre.

Omsorgsarbeidet må skje i eigen heim. Målet er at familien kan fortsette å ha omsorg for sine næraste. Omsorgsstønad gjev ei godtgjering for nokre av dei timane du brukar på pleie og omsorgsarbeid i heimen.
Stønaden dekker ikkje tapt arbeidsforteneste ved redusert stilling og er heller ikkje noko ein har krav på.

Omsorgsarbeidet må vere vurdert som særleg tyngande og gjelde oppgåver som er naudsynte og som elles ville blitt ytt av det kommunale hjelpeapparatet. Det vert også vurdert om omsorgsstønad er det beste alternativet. Hjelpestønad og omsorgsstønad skal sjåast i samanheng, og kommunen kan vise til at du først bør søke hjelpestønad.

Du har ikkje lovfesta rett til omsorgstønad, men kommunen har plikt til å ha ordninga etter helse- og omsorgstjenesteloven §3-6 .

I rundskriv I-42/98 Retningslinjer for omsorgslønn som fortsatt gjeld, er det blant anna skrive noko om kven omsorgsstønad er meint for og kva vurderingar kommunen bør ha med i si vurdering. 

Korleis få tilbodet?

Ein nyttar Sykkylven kommune sitt elektroniske søknadsskjema om helse og omsorgstenester

Søknadskjema om helse og omsorgstenester

Dersom du har utfordringar med å søke digitalt kan du skrive ut skjema for å fylle ut manuelt. 
søknadskjema om helse og omsorgstenester (PDF, 696 kB) .

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 4 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Vedtak om omsorgsstønad kan påklagast. Nærmare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell  klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.

Pasient- og brukarrettighetsloven § 7-2

 

Lover og reglar

Pasient- og brukarrettighetsloven

Helse og omsorgstenesteloven

 

Lønnsliste omsorgsstønad (DOC, 228 kB) Bu og ReHabiliteringstenestene.