Kontantkassa

Kontantkassa er ei støtteordning der føremålet er at alle barn og unge skal få moglegheit til å delta i ein fritidsaktivitet. 

Kva er tilskot frå kontantkassa?

Kontantkassa er ei støtteordning der du kan søkje om tilskot på ein enkel og ubyråkratisk måte. Tilskotet skal bidra til at barn og unge mellom 6-18 år kan delta i ein fritidsaktivitet uavhengig av familien sin sosiale eller økonomiske situasjon.

Desse kan søke tilskot frå kontantkassa

Dei som kan søkje om tilskotet er:

  • Laget/foreninga, for eksempel idrettslaget, korpset, lokallaget, kulturskulen og andre
  • Tilsette i kommunen, for eksempel helsesjukepleiar, miljøterapeut, barneverntenesta og andre

Barnet eller familien kan ikkje søke sjølv.

Krav til søkjar

Søkjaren må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit bidrag frå kontantkassa vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. Det er barnet/familien sin situasjon som er avgjerande. Kontantkassa skal ikkje vere eit handslag til lag og foreiningar som har utfordringar med å inndrive kontingentar. 

Den som søkjer har ansvar for å følgje opp at barnet/ungdommen deltek i aktiviteten det er søkt tilskot til. I dette ligg det å informere involverte lag om at det er søkt om tilskot frå kontantkassa. Den som søkjer må hjelpe barnet/ungdommen til å huske på/komme seg til aktiviteten i starten, søkjar treng ikkje å følgje barnet på aktivitetane.

Kva kan du søkje om tilskot frå kontantkassa til?

Det vert gitt tilskot til:

  • Kontingent/semesteravgift
  • Turneringar/cup
  • Leir
  • Lommepengar
  • Utstyr for deltaking i fritidsaktivitetar

Kor mykje kan ein få i tilskot? 

Ein kan søkje om tilskot for inntil 3000,- pr. person i året. Det betyr at ein kan søkje fleire gongar gjennom året for kvar person.

Søknadar vert behandla fortløpande (ingen søknadsfrist) og midlar vert fordelt inntil kassa er tom. 

Slik søkjer du

Søknadsskjema

Søkjar må oppgi namnet på barnet og føresette. 

Her kan du lese meir om kontantkassa.