Tilskot til tiltak i beiteområde

Tilskot til tiltak i beiteområde

Føremålet med ordninga er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.

Søknadsfrist er 15. april kvart år.

Kven kan søkje?

Beitelag og andre former for organisert samarbeid (t.d. grunneigarlag, radiobjellelag) som er registrert i einingregisteret og som driv med næringsmessig beitedrift kan søkje om tilskot til tiltak i beiteområde. I område der det pga. naturgitte eller driftsmessige høve ikkje ligg til rette for samarbeid kan føretak som oppfyll krava i forskrift om produksjons- og avløysartislkot § 2 også søkje om tilskot.

Søknadsskjema

Type tiltak

Tilskotet er delt inn i to ulike grupper tiltak - Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt, samt tilskot til investeringar knytt til utmarksbeita.

Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt kan vere ulike typar prosjekt som rettar seg mot organisering og tilrettelegging av utmarksbeita for god og effektiv beitebruk. Dette kan m.a. omfatte

  • Planlegging og prosjektering av faste installasjonar
  • Ny organisering av beitelag og utmarksbeiteområde
  • Prosjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk og rasjonell utnytting av beita
  • Tidsavgrensa utprøving av nytt utstyr som kan bidra til effektiv og god beitebruk
  • Utarbeiding av planar (beitebruksplan, tiltaksplan, beredskapsplan mv.) for utmarksbeite
  • Vegetasjonskartlegging

Vidare kan ein få tilskot til mobile og faste investeringstiltak. Dette kan omfatte:

  • Sperregjerder som skal hindre beitedyr i å komme ut av beiteområdet. Sperregjerder kan også tene til å avgrense beiteområdet mot veg, jernbane, tettbygde strok og samanhengande jordbruksområde. Det kan ikkje gjevast tilskot til gjerding mellom inn- og utmark som fell inn under lov om grannegjerde.
  • Ferister som er av godkjent fabrikat eller bygd etter standardteikningar.
  • Bruer. Ein kan gje tilskot til bruer som er dimensjonert for føring av beitedyr. Dersom bruene er kraftigare dimensjonert kan kostnadsoverslag eller del av tilskot reduserast tilsvarande.
  • Gjeterhytter. Kostnadsoverslag for gjeterhytter kan omfatte hytter på inntil 20 m2 med kvadratmeterpris som tilsvara gjennomsnittleg kostnad for hytter av enkel standard i det aktuelle området.
  • Sanke- og skilleanlegg.
  • Anlegg/rydding/ utbetring av driftevegar.
  • Saltsteinsautomater.
  • Transportprammer.
  • Elektronisk overvåkingsutstyr (radiobjeller, lammenoder, merkesavlesere, findmysheep, droner mv.).
  • Elektronisk gjerde (f.eks. av typen Nofence).
 

Frist for gjennomføring

Tiltaket skal vere gjennomført innan 3 år etter at tilskotet vart innvilga, med mindre kommunen har sett ein kortare frist. Kommunen kan etter søknad forlenge gjennomføringsfristen, men ikkje ut over 5 år frå tilskotet vart innvilga.

Kontakt

Mandy Häger
Jordbrukssjef
E-post
Telefon 477 15 741