Prioriterte artar og utvalde naturtypar

Aldri før har vi på globalt nivå endra og påverka naturen så mykje som dei siste femti åra. Ei rekkje artar og naturtypar er trua av utrydding – både globalt og i Noreg. Det betyr at dei har høg risiko for å døy ut.

Dei viktigaste årsakene til at artar blir trua, er at leveområda deira blir øydelagt, endra eller fragmentert så mykje at artane ikkje lenger kan leve der. Andre viktige påverknader er forureining, for mykje hausting og spreiing av framande skadelege organismar. Klimaendringane vil framover bli ein aukande trugsel. Dette kan føre til alvorlege endringar i økosystema, noko som kan ha store konsekvensar for vårt liv på jorda. 

Artar og naturtypar skal ikkje forsvinne frå norsk natur som ein følgje av menneskes samla påverknad. Mange av desse trua artane og naturtypane treng at vi set inn tiltak for at dei ikkje skal bli utrydda frå norsk natur. Viktige verkemidlar for å ta vare på trua natur er områdevern, prioriterte artar, utvalde naturtypar og god arealplanlegging.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Prioriterte artar

Ved å prioritere ein art blir det fastsett forbod mot alt av uttak, skade eller øydelegging av arten. Ein art kan også prioriterast om det følgjer av internasjonale avtalar, eller om Noreg har ansvar for ein art det finnes en del av i Noreg, men som det er få av i Europa eller reisten av verda. Om det er naudsynt, vert det laga raglar for kva som er lov og ikkje i dei viktigaste leveområda til arten (til dømes hekkeområde, kalvingsområde osv),  såkalla økologiske funksjonsområde. Det kan også vere reglar om skjøtsel eller naudsynte andre tiltak, til dømes slått for å hindre gjengroing, hogst for å gi nok lys til arten eller fjerning av  skadelege framande artar.

Det er regjeringa som avgjer at ein art skal bli prioritert. Det er normalt fylkesmannen som forvaltar prioriterte artar. Det er i dag vedteke 13 prioriterte artar:

  • fuglane dverggås og svarthalespove (underarten islandica i Nord-Norge)
  • insekta elvesandjeger, eremitt og klippeblåvinge
  • plantene dragehode, honningblom, raud skogfrue, dvergålegras, svartkurle, skredmjelt og trøndertorvmose
  • pattedyret fjellrev

Utvalde naturtypar

Utvalde naturtypar er reglar om berekraftig bruk og ikkje vern.  At ein naturtype blir utvald, inneber at alle skal ta særskilde omsyn til den når dei brukar naturen, driv med arealplanlegging eller anna forvaltning. I og med at reglane ikkje inneber vern, betyr det at ein nokon gonger kan la andre omsyn få prioritet og at enkelte førekomstar kan bli øydelagd.

Det kan være fleire årsaker til at ein naturtype bør få status som utvald. Mellom anna kan det vere at den er trua eller har hatt stor tilbakegang, at Noreg har ein stor del av naturtypen, at det følgjer av internasjonale avtalar eller at den er levestad for trua artar. Det er regjeringa som kan avgjere at ein naturtype skal bli ein utvald naturtype. Miljødirektoratet lagar handlingsplanar for utvalde naturtypar. Ein slik handlingsplan innehald tiltak for å ta vare på trua og utvalde naturtypar. 

Det er så langt vedteke seks utvalde naturtypar:

  • slåttemark
  • slåttemyr
  • kalksjø
  • kalklindeskog
  • hule eiker
  • kystlynghei

I Sykkylven er det registrert 3 slåttemarkslokaliteter. Meir informasjon om utvalde naturtypar og prioriterte artar finn du på Miljødirektoratet sine nettsider.