Motorferdsel

I Norge skal motorferdsel i utmark og vassdrag skje på ein slik måte at vi vernar om natur og fremjar trivsel. Kommunen har ansvaret for at regelverket vert følgt.

Føremålet med  Motorferdselslova er å verne om naturmiljøet og sikre friluftsliv og rekreasjonsverdi. Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven) har som utgangspunkt at motorisert ferdsel i utmark og vassdrag ikkje er tillete med mindre det følgjer av lova eller vedtak med heimel i lova.

Målgruppe 

Personar som har behov for å bruke motorfartøy eller luftfartøy i utmark og vassdrag til formål som ikkje er offentleg godkjente nytteformål.

Søknad om dispensasjon 

Sykkylven kommune kan etter søknad gi dispensasjon til køyring i utmark. Søknader for motorferdsel i utmark vert behandla administrativt av kommunen. Dette gjeld all køyring i utmark, på barmark og snødekt mark, og køyring av luftfartøy i utmark med lasting og/eller lossing (uavhengig om luftfartøyet fysisk landar).

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klageadgang 

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Miljødirektoratat - brosjyre om motorferdsel i utmark

Lov om motorferdsel i utmark