Purring/inkasso

Vi gjer merksam på at all innfordring medfører gebyr og renter.

Eigedomsskatt

Er ikkje faktura betalt innan forfall, vil du få inkassovarsel med betalingsfrist. Er ikkje kravet betalt innan fristen, vil du få ei betalingsoppfordring. Her vert du varsla om at kravet kan bli tvangsfullbyrda etter reglane i tvangsfullbyrdelseslova.  Om du ikkje betalar innan fristen, kan saka bli sendt til Sunnmøre Tingrett for tvangssal. Dette kan medføre store gebyr både frå Sykkylven kommune og tingretten.

Barnehage

Vert ikkje faktura betalt innan forfall, vil du få eit inkassovarsel-varsel om opphøyr av tenesta med betalingsfrist.  Ved manglande betaling etter denne fristen, vert opphøyr av tenesta vurdert. Kravet vert innfordra vidare ved at du får ei betalingsoppmoding. Ved framleis manglande betaling, kan saka bli overført til rettsleg inndriving v/Namsmannen.

SFO 

Vert ikkje faktura betalt innan fristen, vil du få eit inkassovarsel med betalingsfrist. Er ikkje kravet betalt innan denne fristen, vil du få ei betalingsoppfordring der det samstundes vert varsla om oppseiing av plass. Om du ikkje betalar innan fristen i varselet , vert det vurdert om tenesta må opphøyre.. Kravet vert vidare innfordra og kan bli sendt til rettsleg inndriving v/Namsmannen.

Andre faktura

Er ikkje faktura betalt innan forfall, vil du få inkassovarsel med betalingsfrist. Er ikkje kravet betalt innan fristen, vil du få ei betalingsoppfordring med betalingsfrist. Ved framleis manglande betaling etter fristen, vert kravet vurdert sendt til rettsleg inndriving v/Namsmannen.

Har det skjedd ein feil?

Nokre gongar kan purringar og inkassovarsel bli sendt ut ved ein feil. Ta kontakt med økonomiavdeling i kommunen om du meiner det har skjedd ein feil, tlf 70 24 65 00.

Kontakt

Anna Ozdowa
Fagleiar rekneskap/økonomi
E-post
Mobil 95 29 74 33
Bente Skjeret-Tynes
Konsulent rekneskap/økonomi
E-post
Mobil 90 06 18 36
Ann-Kathrin Muldal
Konsulent rekneskap/økonomi
E-post
Mobil 48 26 67 51