Dispensasjon plan og bygg

Ein dispensasjon er eit særskilt løyve gitt på bakgrunn av ein skriftleg søknad om å kunne fråvike frå føresegner i plan- og bygningslova (pbl), tilhøyrande forskrift eller vedtekt, reguleringsplan eller føresegner. Ein dispensasjon kan gjevast som varig eller midlertidig.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Utgangspunktet er at alle byggverk skal oppførast innanfor lovverk, planar og føresegner. Dei ulike føresegnene har blitt til gjennom ein omfattande beslutningsprosess. Det skal difor ikkje vere ei kurant sak å fråvike desse.

Er tiltaket i strid med pbl og tilhøyrande regelverk, opnar pbl kap. 19 for at det kan søkjast om dispensasjon.

Søknadsskjema

Kommunen har myndigheit til å gje dispensasjon. Viss kommunen vurderer at det kan gjevast dispensasjon, kan dette skje samtidig med godkjenning av byggesøknaden. Saker som er av prinsipiell karakter vert handsama politisk.

Vedtaket for dispensasjon frå plan gjeld i tre år. Dette betyr at det omsøkte tiltaket må vere igangsatt i medhald til byggjeløyve/delingsløyve frå den respektive myndigheit innan dei tre åra.

Meir informasjon om lover og forskrifter som pbl, tekniske forskrifter til pbl, rettleiing til pbl, veglov og anna lovverk, finst på:

http://www.lovdata.no/ (gjeldande lover)

http://dibk.no/no/Byggeregler/ (byggjeregler)
 

Vilkår

Det vert presisert i pbl § 19-2 at dersom dispensasjon vil føre til at dei omsyna som aktuell føresegn skal ivareta blir vesentleg tilsidesett, eller dersom omsyna i pbl si føremålsføresegn blir vesentleg tilsidesett, skal det ikkje gjevast dispensasjon. Fordelane ved ein dispensasjon må sjølvsagt vere større enn ulempene. Dette inneber at det må vere ei klar overvekt av omsyn som talar for dispensasjon før ein kan fatte eit positivt vedtak.

Ein dispensasjon endrar ikkje ein plan, men gir løyve til å fråvike planen for det aktuelle tilfellet søknaden gjeld.

Når må det søkjast om dispensasjon?

Dersom eit tiltak er i strid med føresegnene i pbl eller gjeldande arealplan, kan det søkjast om dispensasjon.

Behov for dispensasjon kan til dømes utløysast av:

  • Bygging eller frådeling i 100-metersbeltet langs sjøen
  • Oppføring av konstruksjon som er i strid med gjeldande plan
  • Avvik frå avstandskrav til nabogrense
  • Avvik frå bygningshøgde, utnyttingsgrad eller byggjegrense i reguleringsplan

Søknaden om dispensasjon skal utformast etter pbl § 19-1.

Naboar skal varslast av søkjaren, og det må gå fram av nabovarsel at det vert søkt om dispensasjon.

Regionale og statlige styresmakter med saksområde som blir direkte berørt, skal få høve til å uttale seg før det vert gitt dispensasjon. Det er kommunen som sender saka på høyring til alle involverte myndigheiter.

Korleis skal søknaden utformast?

 

  •  Søknaden kan enten skrivast i brevform eller du bruker kommunen sitt søknadsskjema  
  •  Opplys om kva eigedom søknaden gjeld.
  •  Skriv kva lov/forskrift/føresegner du søkjer dispensasjon frå.
  •  Beskriv tiltaket og kva som strir mot lov/forskrift/føresegner. Legg ev. ved situasjonsplanen eller anna nyttig informasjon.
  •  Søknaden må grunngjevast.
  •  I søknaden skal det kome fram at fordelane ved dispensasjon er klart større enn ulempene.
  •  Du som søkjar, må signere søknaden.
  •  Legg ved stadfesting på at naboar er varsla (t.d. ”Gjenpart av nabovarsel” – blankett).

Mangelfull søknad vil bli returnert.

Søknaden om dispensasjon kan enten sendast separat eller saman med byggjesøknaden til:

  1. Sykkylven kommune
    Rådhuset
    Kyrkjevegen 62
    6230 Sykkylven

    eller
  2. postmottak@sykkylven.kommune.no

Sakshandsamingsfrist

Frå 1. juli 2015 har kommunen etter mottak av søknaden din etter pbl § 21-7 maksimalt 12 uker på seg til å gi deg svar. Kommunen vurderer først om dispensasjonssøknaden inneheld all nødvendig dokumentasjon. Dersom dispensasjonen råker interesseområde til fylkeskommunen eller andre statlige myndigheter, vert saka sendt på høyring om du som tiltakshaver / ansvarlig søker ikkje allereie har gjort dette. Andre myndigheter har ein svarfrist på fire veker, og kommunens 12-vekersfrist vert forlengt med disse fire vekene. Kommunen kan i nokre høve forlenge fristen.

 

Gebyr dispensasjon
Gebyr Pris 2023
Tiltak som krev dispensasjon frå plan – og bygningslova, forskrifter eller arealplanar 9 840
Ved dispensasjonar som ikkje krev innhenting av uttale frå andre instansar, eksterne eller interne, kan gebyret reduserast til 8 240

Der det klart er eit misforhold mellom tiltak, tilhøva og gebyret har einingsleiar moglegheit til å setje ned gebyret.

Høve til å klage

Sjå her for informasjon om klage