Kommunedelplan sentrum - Ikornnes

Kommunedelplan for sentrum - Ikornnes vart vedtatt av Kommunestyret 16.desember 2019.

PlanID 15282017004

Kommunestyret slutthandsama planen den 16.12.2019. Protokoll finn du her.   (PDF, 113 kB)

Lenker til plandokumenta:

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjente den 25.02.2021 bustadområde BU2 ved Ullavik skule.  Fylkeskommunen hadde motsegn til dette arealet, og saka vart sendt departementet til avgjerd. . 
 
Konsekvensutgreiing til planen finn du her:

Kdp sentrum-Ikornnes Konsekvensutgreiing 2.høyrirng (PDF, 4 MB)

 

Handsaming etter 2.høyring:

Nærings- og utviklingsutvalet handsama uttalar etter 2.høyring den 28.august 2019. Protokoll frå møte finn du her. (PDF, 123 kB)

Vedtaket innebar fleire motsegner der kommunen ikkje vil trekke sine forslag. Fylkesmannen og fylkeskommunen bad då om eit drøftingsmøte før ei eventuell mekling på uløyste motsegner og oversending til departementet.

I drøftingsmøtet gjorde fylkesmannen og fylkeskommunen det klart at av område med varsla motsegn var det berre BU13 i Grebstadlia og SB4 på Blindheim kommunen kunne få gjennomslag for.  

Etter drøftingsmøte  handsama NU saka på nytt den 10.12.2019. Av område med uløyste motsegner valgte NU å halde fast på BU2 ved Ullavik skule. Fylkesmannen varsla at dette må til departementet til avgjerd.  Protokoll frå NU-møte fin du her. (PDF, 142 kB)

Kommunestyret heldt fast på vedtaket frå NU i si handsaming den 16.12.2019. Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjente den 25.02.2021 kommunestyret sitt vedtak for bustadområde BU2. 

 

 

 

 

Kontakt

Njell Hoftun
Kommunalsjef samfunn
E-post
Mobil 47 65 87 57

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post