GrensejusteringGrensejustering For å gjere eigedomsgrensene meir tenlege kan du søke om grensejustering eller overføre areal mellom eigedomar. Kva får du? Du får oppmålt og koordinatfesta den nye eigedomsgrensa. Den nye grensa blir registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen). Du får tilsendt matrikkelbrev. Kva kostar det? Du finn prisar for oppmålingsarbeid og grensejustering i gebyrregulativet for Sykkylven kommune. I tillegg kjem tinglysingsgebyr på 525 kroner per dokument. Matrikkelbrev kostar frå 175 til 350 kroner per stykk. Slik søkjer du Fyll ut søknadsskjema. Hugs at alle eigarar av involverte eigedomar må signere søknadsskjemaet. Legg ved situasjonskart som tydeleg viser kva område søknaden gjeld. Kart finn du via kartportalen Send søknad til: Sykkylven kommune Rådhuset 6230 Sykkylven Kva skjer vidare? Du får svar på søknaden innan 12 veker. Dersom søknaden blir godkjent, startar saksbehandling og oppmåling. Saka er normalt gjennomført innan 19 veker frå løyvet er gitt. Vi tek kontakt med deg og avtalar tidspunkt for møte og oppmåling. Det er ikkje alle saker som kan gjennomførast som grensejustering. Aktuelle reglar for grensejustering kjem fram av matrikkellova og matrikkelforskrifta.