Utdanningsdirektoratet gir tilskot til kommunane basert på kor mange minoritetsspråklege barn som går i barnehage. Sykkylven kommune har i samarbeid med private og kommunale barnehagar laga ein plan og utvikla rutinar for korleis dei minoritetsspråklege midlane skal nyttast. Det kan til dømes dreie seg om språkassistentar, materiell og pedagogiske verktøy som er retta mot minoritetsspråklege barn.
Minoritetsspråklege barn er definert ved at både barnet og barnet sine foreldre/føresette har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk. I fylgje rammeplanen skal personalet bidra til at språkleg mangfald blir noko positivt for heile barnegruppa, og støtte minoritetsspråklege barn i å bruke morsmålet sitt. Samtidig skal barnehagen arbeide aktivt med å fremje barna sin norskspråklege kompetanse.
Småbarnsalderen er den grunnleggande perioden for utvikling av språk. Språk er personleg, identitetsskapande og nært knytt til kjensler. Kommunen må legge til rette for at alle barna får eit fullverdig og likeverdig barnehagetilbod.
SAMARBEID OG RESPEKT
Samarbeid med foreldra er særs viktig. I møte med minoritetsspråklege foreldre har barnehagen et spesielt ansvar for at foreldra har moglegheit til å forstå og gjere seg forstått i barnehagen. Å møte foreldre frå ulike kulturar krev respekt, innsikt og evne til å lytte. Minoritetsspråklege foreldre skal få same informasjon frå barnehagen som andre foreldre, og det skal nyttast tolk når det er naudsynt. Kommunen har laga rutine for korleis nye minoritetsspråklege barn/familiar skal takast imot i barnehagen.
Rutine for nye minoritetsspråklege barn/familiar (PDF, 120 kB)
Meir informasjon finn du ved å klikke deg inn på lenkjene nedanfor:
Overgang frå barnehage til barneskule for minoritetsspråklege barn
Tilskot til språkutvikling
NAFO barnehage
Fremmedspråksenteret
Tema morsmål