Blakstad naturbarnehage

Blakstad naturbarnehage

Blakstad naturbarnehage er ein utvida 2- avdelings barnehage.  Vi har ei småbarnsavdeling 0-3 år, med plass for inntil 12 born, og ei storbarnsavdeling 3-6 år, med 18 plassar.

Barnehagen, som tidlegare var skulen her i Tusvik, har store og flotte lokale. Vi har eigen gymsal, som vi brukar mykje, mellom anna til «Solid Start Sykkylven», FN-kafé, julefest, karneval,  filmframsyning mm.

Uteområdet vårt er stort og med variert/kupert terreng, som er utfordrande/motiverande for aktivitet og leik.
Vi har kort avstand til turløype rundt Tuvatnet, til skogen, fjøra og til «Langhol gård».

Storbarnsavdelinga har lang tradisjon med Lucia-opptrinn på Formfin Møbler, og å vitje Hundeidvik privatskule før jul - for å få sjå på generalprøva deira før julefesten.

Hausten 2018 starta vi opp med «Forskardagar» i barnehagen, der borna får vere med på ulike eksperiment, og forskar/undrar seg på korleis ting virkar.

Blakstad Naturbarnehage har stort fokus på sunne matvanar, vi nyttar mykje frukt og grønt i det daglege kosthaldet, også ved fødselsdagsfeiringar, karneval brukar vi sunne alternativ, som fruktsalat eller fruktsmoothie. Vi brukar også mykje fisk/fiskeprodukt i barnehagen.
Barnehagen har grønnsakshage, der vi har poteter, gulrot og sukkererter mm.

Vi har eit engasjert og stabilt personale, med lang erfaring i arbeid med barn i barnehagealder.
Blakstad Naturbarnehage ligg i naturskjønne omgjevnader, og er ein fantastisk stad å vere både for barn og vaksne. Visjonen til barnehagen er Meistring med naturen som leike- og læringsarena.



 

Årsplan

Kommunikasjon mellom heim og barnehage (PDF, 117 kB)

Vedtekter

Barnehagerute 2023/2024 (PDF, 78 kB)

Barnehagerute 2024-2025 (PDF, 70 kB)

Solid Start

Trafikksikker barnehage

Rammeplanen

Barnehagelova

 

Adresse: 

Blakstad naturbarnehage

Sørestrandvegen 1235
6222 Ikornnes

Representantar i Foreldrerådet og i Samarbeidsutvalet

Representantar i Foreldrerådet: 
Alle foreldra. 
Leiar: Kristin Dvergsdal Haugen
Nestleiar: Geir Ove Hustad
Sekretær: Sonja Hjelle Torset

Representantar i Samarbeidsutvalet: 
Leiar: Kristin Dvergsdal Haugen
Nestleiar: Geir Ove Hustad
Personalrepresentant: May-Britt Haldorsen
Kommunalrepresentant: Caroline Jusintha Tusvik
Styrar/sekretær: Berit Elisabeth Hanken 
Vararepresentantar: Lukasz Skonecki (for leiar),  Andreas Finnøy (for nestleiar), Sveinung Vemøy (for kommunerepresentant), Jeanette Nygård (for personalrepresentant). 

Kontakt

Berit Elisabeth Hanken
Styrar
E-post
Mobil 91 89 87 60

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post