Samarbeid

Dei kommunale barnehagane har god kontakt med dei private barnehagane i bygda, gjennom ulike aktivitetar i løpet av året. 

Dei kommunale barnehagane og skulane samarbeida godt, både på leiarnivå og einingane imellom,  for å sikre at overgangen blir så god som mogeleg.  

Barne- og familietenestene - våre viktigste samarbeidspartnarar

Eininga Barne- og familieteneste består av fleire tenester: PPT, helsestasjons- og jordmortenesta, barnevernstenesta og flyktningtenesta. Eininga har også fleire lavterskeltilbod som Familietam, foreldrerettleiingsgrupper og grupper for barn av foreldre med psykiske vanskar eller rusproblematikk. 

PPT - Pedagogisk psykologisk teneste

Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal bistå barnehagen i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilrettelegge barnehagetilbodet for barn med særskilte behov. Føresette tek sjølv kontakt med PPT, men barnehagen kan hjelpe med å opprette kontakt, jf. Barnehagelova kap 7 §31- 35. 
PPT er ein del av barnehagen sitt Fagteam. 

Helsestasjon

Helsestasjonen er ei helsefremmande og tverrfagleg teneste, som består av jordmor, helsesjukepleiar, lege og fysioterapeut. Helsestasjon er eit heilheitleg tilbod som omfattar helseundersøking, vaksinering, oppsøkande virksomheit, helseopplysning og rettleiing individuelt eller i grupper. Alle får tilbod om heimebesøk av jordmor og helsesjukepleiar, og blir fulgt opp vidare med regelmessige konsultasjonar på helsestasjon. Førskuleundersøking ved 5 års alder vert gjennomført etter skulestart. Foreldre, helsestasjon og barnehagen bør ha eit godt samarbeid. Helsestasjonen er eit lågterskeltilbod og er tilgjengeleg for råd og rettleiing i høve born generelt, men også i meir krevjande situasjonar. Når barnehagen skal drøfte einskildbarn med helsestasjon trengs det samtykke frå føresette. Helsestasjonen er ein del av barnehagen sitt Fagteam. 

Jordmor

Svangerskapsomsorga skal freiste å ivareta den einskilde kvinna sitt behov – psykisk, sosialt og medisinsk. Ein skal sikre mor og fosteret si helse og syte for at sjukdom og andre helsetruande tilstander vert oppdaga og behandla. 

Flyktningtenesta

Flyktningtenesta er ansvarleg for å busette flyktningar etter vedtak i kommunestyret, samt at dei er hovudansvarleg for kommunens Introduksjonsprogram for flyktningar. Busettingsarbeidet inneber å skaffe høvelege bustader til den enkelte flyktningen eller flyktningfamilien, hjelp med å kjøpe naudsynt utstyr, legge til rette og gi råd i den første tida i kommunen. Introduksjonsprogrammet er eit kvalifiseringsprogram der den overordna målsettinga er å gjere det mogeleg for flyktningen å ta del i yrkes- og samfunnslivet, og å bli økonomisk sjølvstendig. Ved busetting av barnefamiliar vil flyktningtenesta samarbeide med barnehagen om oppstart og arbeide for å finne språkstøtte som kan nyttast i tilvennings- og oppstartsfasen ved behov. Flyktningtenesta bistår også familien med å skaffe naudsynt utstyr til barnehagekvardagen. 

Barneverntenesta

Barnehagen har opplysingsplikt til barnevernstenesta.  

Barnevernstenesta si oppgåve er å tilby hjelp til familiar i vanskelege situasjonar, slik at barna kan vekse opp under trygge og utviklingsfremjande omsorgsrammer. Dette kan gjerast ved tilbod om ulike frivillige hjelpetiltak i familien, mellom anna stønad til barnehage, stønad til borna i særskilde situasjonar, fritidsaktivitetar, samtale, råd og rettleiing, samtalar med barn, støttekontakt og besøksheim. Tenesta kan også tilby ulike typar foreldrerettleiing. Barneverntenesta oppmodar foreldra til å gje løyve til samarbeid mellom barnehage og barneverntenesta, dette for å få til eit meir heilskapleg tilbod for barnet. Barnevernstenesta samarbeider med andre offentlege instansar som yter tenester til barn og unge. Barnevernstenesta har også tilvisingsrett til BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling). Barnehagen kan hjelpe foreldra med å kontakte barnevernstenesta for tilbod om hjelp. For at barnevernstenesta skal kunne yte hjelp, må tenesta utføre ei heilskapleg undersøking kring barnets situasjon, og må sjå til og snakke med barnet. Barnevernstenesta har også mandat til å plassere barn utanfor heimen der dette er naudsynt i kortare eller lengre periodar. Barneverntenesta er ein del av barnehagen sitt Fagteam. 

Familieteamet

Familieteamet er eit lågterskeltilbod som tilbyr støtte og rettleiing til familiar med barn og ungdommar eller til gravide. Familielivet kan vere utfordrande til tider og vi ynskjer difor å komme i kontakt med dykk som familie så tidleg som mogleg og før vanskane vert for store.  

Alle henvendingar frå barnehagen krev samtykke frå foreldra. Familieteamet er eit tverrfagleg team som for tida består av helsesjukepleiar, familieterapeut, barnevernspedagog, barnehagelærar og PMTO terapeut. Familieteamet tilbyr i hovudsak inntil 4-8 konsultasjonar. Familieteamet kan blant anna hjelpe med kartleggingssamtalar, støttesamtalar og rådgiving, foreldrerettleiing og endringsarbeid, rettleiing i heimen, hjelp i høve samspel og grensesetting, bistand i vanskelege livssituasjonar, samtalar med barn og ungdom. Familiesamtalar, kontakt med andre tenester dersom det er ønskeleg eller naudsynt. Familieteamet skal ikkje brukast dersom meldeplikta til barnevernet er utløyst.  

Barnehagens meldeplikt til barnevernet

For at barneverntenesta skal kunne løyse sine oppgåver overfor barn og unge, er den avhengig av at dei som er bekymra for eit barn melder frå til den kommunale barneverntenesta. Gjennom si daglege nære kontakt med barn, er dei tilsette i barnehagane i ein sentral posisjon til å kunne observere og motta informasjon om barna sin omsorgs- og livssituasjon.

Den lovpålagte meldeplikta gjeld når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller det er andre former for alvorleg omsorgssvikt. «Grunn til å tru» tyder berre at det er ein konkret mistanke eller uro. Plikta gjeld også når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar.

Meldeplikta til barnevernet set teieplikta til side. Årsaka er at barnevernet må få opplysningane dei treng for å trygge barn mot vald, mishandling og andre former for omsorgssvikt som kan skade helsa og utviklinga til barnet. Barnehagen skal ta opp sin bekymring med foreldra i forkant, med unntak frå der det er mistanke om vald og/eller seksuelle overgrep. Da skal saka takast direkte med barneverntenesta eller politiet.  

Meldeplikta framgår i Barnehagelova §22, andre ledd,  Opplæringslova §15-3 og Barnevernlova §13-2. 

Opplysningsplikt 

Opplysningsplikta til barnevernet går føre lovbestemt teieplikt, og er grunngitt i barnevernet sitt behov for å motta opplysningar om barn i alvorlege omsorgs- og livssituasjonar. Barneverntenesta kan innhente opplysningar frå barnehagen enten med eller utan samtykke frå foreldra. Når vilkåra for opplysningsplikt er til stades, settast teieplikta til side. Opplysningsplikta er eit sjølvstendig og individuelt ansvar som er pålagt alle tilsette i barnehagane. Som regel er det styrar som gir opplysningar til barneverntenesta.