Samarbeid med foreldre

Foreldra er dei viktigaste personane i barnet sitt liv og dei aller viktigaste samarbeidspartnarane til barnehagen. Samarbeidet mellom heim og barnehage er av stor betydning for barnet si oppleving av barnehagetilbodet.

Alle foreldre er sårbare på vegne av sine barn. Dersom barnet ikkje trivst, har ikkje foreldra det bra heller. Forsking viser at relasjonen mellom foreldre og barnehagetilsette påverkar korleis barnet sitt møte med barnehagen blir. Dess betre forholdet mellom foreldre og tilsette er, dess betre vert også relasjonen mellom dei tilsette og barna.

Barnehagen kan ikkje innfri alle ønskjer og behov, men det er viktig at dei tilsette lyttar til foreldra og sørgjer for at forventningar blir avklart og tilpassa. Foreldra har mykje å tilføre innhaldet i barnehagen. Men dette føreset både at barnehagen gir dei moglegheit for dette og at foreldra er engasjerte og bryr seg om barnehagen sitt indre liv. Samarbeidet handlar om å utveksle observasjonar og vurderingar knytt til barnet si helse, trivsel, erfaringar, utvikling og læring.

INDIVID- OG GRUPPENIVÅ

Samarbeidet skjer både på individ- og gruppenivå, der det sentrale målet er å bidra til barnas trivsel og utvikling. På individnivå skjer det ved at barnehagen legg opp til å ha minst to formelle foreldresamtalar per barnehageår, der eventuelle bekymringar og utfordringar kan drøftast. Men kanskje like viktig er dei daglege samtalane i bringe- og hentesituasjonar.  Det er viktig at desse uformelle samtalane, som føregår når andre foreldre og barn er i nærleiken, er positivt vinkla og handlar om barnet sine opplevingar og meistring. Det er også viktig at barnehagen skaper rom for samtalar på tomannshand når situasjonen krev det.

På gruppenivå skjer samarbeidet først og fremst gjennom foreldremøte, foreldreråd og samarbeidsutval. Foreldreråd og samarbeidsutval skal sikre samarbeidet mellom heim og barnehage. Det er viktig å merke seg at barnehageeigar skal sørgje for at saker som er viktige vert lagt fram for foreldrerådet og samarbeidsutvalet.

Barnehagelova (Foreldreråd og samarbeidsutval)

Rammeplanen (Samarbeid mellom heim og barnehage)

 

FORELDREUNDERSØKINGAR

Foreldre vert også oppfordra til å svare på dei elektroniske foreldreundersøkingane som vert sendt ut med jamne mellomrom. Svara som kjem inn kan gi ein god peikepinn på kva område barnehagen har eit forbetringspotensiale.

I fylgje barnehagelova har barnehagen plikt til å samarbeide med foreldra. Det er barnehagen som har ansvar for å legge til rette for foreldresamarbeidet gjennom å ivareta foreldra sin rett til medverknad, og danne grunnlag for god dialog. I den samanheng er det viktig at barnehagen anerkjenner alle foreldre som ein viktig ressurs, og møter foreldra på ein slik måte at dei opplever å bli sett, høyrt og inkludert. Samtidig har også foreldra eit ansvar for å opptre på ein måte som fremjar samarbeidsklimaet og eit godt barnehagemiljø.

Foreldreutvalget for barnehagar (FUB)

Er du misfornøgd med tilbodet i barnehagen? (PDF, 80 kB)

Kontakt

Øyvind Fet
rådgjevar oppvekst
E-post
Mobil 48 27 50 96

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post