BTI i Sykkylven (Betre Tverrfagleg Innsats)Sykkylven kommune nyttar samhandlingsmodellen Betre Tverrfagleg Innsats for å sikre god samhandling mellom dei ulike interne kommunale tenestene og andre eksterne tenester som arbeider med barn og unge. I mange samanhengar vert dette også omtala som BTS (Betre Tverrfagleg Samhandling). Sist endra 04.11.2024 14.06 Handlingsforløp i BTIDet overordna formålet med BTI-arbeidet er å bidra til at barn, unge og deira familiar får nødvendig hjelp så tidleg som mogleg. Målgruppa for arbeid etter BTI-modellen er barn, unge og gravide som har behov for hjelp, støtte og oppmerksomheit i korte eller lengre periodar i livet. BTI-modellen skal kvalitetssikre heilskapleg og koordinert innsats frå involverte tenester utan at det vert brot i oppfølginga. BTI bidreg til tidleg innsats, samordning mellom ulike tenesteområde og medverknad. KorleisBTI-modellen deler arbeidet inn tre fasar:IdentifiseringLokal innsats, i barnehagen/på skulen.Tverretatleg samarbeidBasistenester, som barnehage og skule, har ei viktig rolle i BTI. Dette gjeld både å identifisere og å sette i verk tiltak tidleg. Oppgåva med identifisering er også eit ansvar for alle hjelpetenester (helsesjukepleiar, lege, PPT, ergo- og fysioterapeutar, og barnevern).Tenester som er i kontakt med vaksne har eit spesielt ansvar med å identifisere barn som pårørande.BTI-modellen er delt inn i fire tiltaksnivå:Nivå 0: Bekymringsfase. Her definerer ein uroa for eit barn, og deler uroa med andre (t.d. med næraste leiar, foreldre/føresette).Nivå 1: Her jobbar tenesta (t.d. barnehage, skule) saman med føresette og barn for å finne ei løysing. Dette skjer i utgangspunktet internt innan kvar enkelt teneste/avdeling.Nivå 2: Her er det eit tverrfagleg samarbeid mellom to (eller fleire) kommunale tenester, føresette og barn/ungdom for å løyse utfordringaNivå 3: Her vert også tilviste tenester kopla på for å løyse meir komplekse utfordringar (t.d. spesialisthelsetenesta). Dette er eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester. Handlingsrettleiar og tiltaksoversikt i Sykkylven kommune finn du under lenka Er du uroa for eit barn/ein ungdom?.