Vi tilbyr per no kurs innan alfabetiseringsmodulen, og frå A1-B1 nivå. Du kan lese meir om språknivå på Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse sine sider. Undervisninga er i hovudsak på dagtid, men vi arrangerer også kveldskurs ved stor nok pågang.
All undervisning og kurs blir gjort av pedagogar med høg, variert utdanning og kompetanse innan norsk som andrespråk. Vi har også fleirspråkleg kompetanse i personalgruppa.
Vaksenopplæringa i Sykkylven tilbyr norskprøve, samfunnskunnskapsprøve og statsborgarprøve.
Norskprøvene vert gjennomført inntil fire gongar pr. år. Prøveperiodene samt prisar er fastsett nasjonalt og du finn meir informasjon om dei på kompetansenorge.no.
Samfunnskunnskapsprøve og statsborgarprøve har løpande påmelding. Ta kontakt med prøveansvarlig for ledige datoar.
Påmelding til norskkurs
Du kan melde deg på norskkurs digitalt via dette skjema:
Påmelding til norskkurs
Etter du har meldt deg på norskkurs, blir du kontakta når aktuelt kurs er tilgjengeleg.
Andre kurs og tilbod
I periodar tilbyr vi andre kurs retta mot vaksne deltakarar. I hovudsak er desse norskretta, men kan også passe for personar med norsk som morsmål. Arbeidsretta kurs, arbeidslivsnorsk og kurs i arbeidslivskultur kan passe godt for både innvandrarar, nye arbeidstakarar og bedriftsleiarar. Følg med på heimesida til kommunen, samt Facebooksida vår for informasjon når desse kursa vert sett opp.
Kva kostar det?
60-timars norskkurs, kveld: kroner 6.000 + lærebøker
75 timar samfunnskunnskap: kroner 7500
10-veker norskopplæring, dag: kroner 9000 + lærebøker
Har du spørsmål?
Ved spørsmål ta kontakt med:
Avdelingsleiar Clara Aarseth-Strømmegjerde på e-post: clara.strommegjerde@sykkylven.kommune.no eller tlf: 46 95 41 58.
Resepsjon: agnes.hjorthol@sykkylven.kommune.no eller tlf: 90 58 74 43.
For spørsmål om påmelding eller spørsmål rundt prøver, kan du kontakte prøveansvarleg på e-post:
mari.leichty@sykkylven.kommune.no.
Anna informasjon
- Flyktningar busett i kommunen
- Innvandrarar frå land utanfor EØS-området
- Familiegjenforente med norske og nordiske borgarar
- Asylsøkarar som har fått opphaldsløyve i Norge og ventar på busetting
For dei som har rett og plikt til opplæring ligg det også eit krav om å gjennomføre 75 timar med undervisning i samfunnskunnskap i tillegg til prøve i samfunnskunnskap.
Personar med rett og plikt, eller berre rett til opplæring i norsk og/eller samfunnskunnskap, har rett til gratis opplæring i 18 månadar eller 3 år (avhengig av utdanningsbakgrunn) eller til oppnådd norskmål.
Følgande personar har ikkje rett til gratis norskopplæring
- Nordiske borgarar (det vil seie borgarar av Sverige, Danmark, Finland og Island).
- Studentar, arbeidsinnvandrarar og deira familiemedlem og andre med mellombels opphald.
- Innvandrarar som har brukt opp timane sine eller har greidd nivå B1.
- Dei som har rett til opplæring, men som ikkje har teke ut timane sine innan fristen
Desse kan få tilbod om kurs i norsk mot å betale kursavgift.