Elevane sitt skulemiljø

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. 

Grunnskulen i Sykkylven sine rutinar for å sikre eit godt og trygt skulemiljø for alle.

Årsrapport 2022-2023 frå Mobbeombodet i Møre og Romsdal. (PDF, 6 MB)

Endringar i kapittel § 9a i opplæringslova vart gjort gjeldande frå 1. august 2017, og gjeld for heile skuledagen, leksehjelpordningar og SFO.

Regelverk om skulemiljø - nulltoleranse mot mobbing.

Utdanningsdirektoratet har laga ei god og fyldig nettside om elevane sitt skulemiljø 

§ 9A-2 i opplæringslova: Retten til eit trygt og godt skolemiljø

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjer helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skulen, som er avgjerande.

§ 9A-3 i opplæringslova: Nulltoleranse og systematisk arbeid

Skulen skal arbeide kontinuerleg og systematisk for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i kapittel 9A vert oppfylte. Rektor har ansvaret for at dette blir gjort.

Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

§ 9A-4 i opplæringslova: Aktivitetsplikt for å sikre at elevar har eit trygt og godt psykososialt skolemiljø

Aktivitetsplikta består av fem delplikter:

  • Plikt til å følge med.
  • Plikt til å gripe inn.
  • Plikt til å varsle.
  • Plikt til å undersøke.
  • Plikt til å sette inn tiltak.

For deg som elev betyr dette:

  • Du har rett til eit trygt og godt skulemiljø slik du sjølv opplever det.
  • Det er viktig at du som elev er med i arbeidet for eit godt skulemiljø både for deg sjølv og andre. 
  • Dei vaksne på skulen skal sjå deg og høyre deg, og heile tida følgje med på korleis du har det.
  • Du skal få hjelp til å forstå og følgje reglane på skulen, og til å utvikle deg på ein god måte.
  • Du må gjere ditt beste for at alle skal få vere med i felleskapet, og ta ansvar og ordne opp om du kjem i skade for å krenke eller øydelegge for nokon. 
  • Du må seie stopp og varsle ein vaksen dersom du ser eller forstår at ein annan elev ikkje har det trygt på skulen eller på skulevegen.
  • Om det kjem fram at du ikkje har det trygt og godt, skal dei vaksne saman med deg og foreldra dine straks finne ut kvifor du ikkje har det trygt og godt, kva som skal til for at du får det betre og straks setje inn nødvendige tiltak.

For deg som forelder betyr dette:

  • At du skal delta aktivt i arbeidet med å skape eit trygt og godt skulemiljø i samarbeid med skulen 
  • At du som vaksen har eit ansvar både som rollemodell og for å gjere det du kan for at alle barn vert inkludert. 
  • Når du tek kontakt med rektor om bekymring, kjennskap til eller mistanke om at ditt barn ikkje har det trygt og godt, skal skulen straks undersøke saka og setje i verk tiltak. Det skal lagast ein aktivitetsplan.
  • Eleven sjølv eller du som forelder kan, etter fem arbeidsdagar, melde saka til fylkesmannen dersom skulen ikkje har teke tak i saka og informert heimen om kva tiltak som er sett i verk.  Meld frå om mobbing til fylkesmannen
  • Fylkesmannen skal undersøke alle sider ved saka, snakke med foreldra og skulen sitt personale og gjennomgå all dokumentasjon i saka.
  • Om fylkesmannen finn at skulen ikkje har oppfylt aktivitetsplikta si, skal fylkesmannen vedta kva skulen skal gjere. Det skal setjast ein frist og saka skal følgjast opp. Elev og foreldre kan påklage fylkesmannen sitt vedtak til Utdanningsdirektoratet.

Mobbeombodet i Møre og Romsdal

Mobbeombodet i Møre og Romsdal fylkeskommune har som si viktigaste oppgåve å bidra til at barn og unge skal ha det bra i barnehage og på skule.

Mobbeombudet er en ombudstjeneste som skal sikre at barn og unge i Møre og Romsdal får en trygg og god hverdag i barnehagen og på skolen.

Mobbeombudet kan svare på spørsmål, gi støtte og veiledning til barn, elever og foreldre som står i vanskelige situasjoner. I tillegg jobbar mobbeombudet med forebygging og bidrar gjerne med kurs og foredrag på ulike områder.

Alle kan ta kontakt med mobbeombudet. Mobbeombodet har taushetsplikt.

Slik når du Mobbeombodet:

Tlf.:      712 80 433 / 911 40 259

E-post: mobbeombodet@mrfylke.no

Du kan følge mobbeombudet på Facebook: www.facebook.com/mobbeombodetmr

For mer informasjon om mobbeombodet, se www.mrfylke.no/mobbeombodet