BUAS får nye varmekilder, kan spare forbruk tilsvarande som for 40 bustadhus

BUAS får nye varmekilder, kan spare forbruk tilsvarande som for 40 bustadhus

Vi satsar på energieffektivisering.

Sykkylven kommune jobbar målretta for å nå FN sine klimamål. Klima er viktig for oss, og akkurat no bidreg vi positivt i høve vår satsing på energieffektivisering på kommunale bygg. 

BUAS - helsesenter Knut Erik Rønning

BUAS er i gang, og energibrønner og varmepumpe skal spare energi for kommunen. Dette er same teknologi som er nytta ved Sørestranda skule og nye Aure barneskule.  Prosjektet på BUAS vart starta opp i haust og blir fullført i byrjinga på 2023.


Prosjektet har ei målsetting å spare kring 750 000 kWh i året til oppvarming. Dette er spart forbruk tilsvarande om lag 40 bustadhus. 
Prosjektet har ei kostnadsramme på 8 millionar. Prosjektet har fått innvilga tilskott frå ENOVA sitt program for varmepumper. Det er Øen Kuldeteknikk AS som har totalentreprisen på prosjektet. Dei har med underleverandørar, også frå Sykkylven


Denne investeringa er eit ledd i ei satsing over fleire år, der ein har som målsetting å redusere kommunen sin energibruk. Siste gjennomførte prosjekt er Sykkylven storhall som fekk ein reduksjon i energibruk på om lag 64% ved installering av varmepumper.

I dagens situasjon er det knappheit på energi. ENØK prosjektet på BUAS, og nye Aure barneskule, som vert teken i bruk oktober 2023, vil  vere med å redusere klimaavtrykk og å nå nasjonale klimamål. 
Sykkylven kommune har alt i dag lågare klimagassutslepp enn snittet for fylket og landet. 


Ny klimaplan blir politisk handsama på nyåret, og kommunen sitt første klimarekneskap og klimabudsjett blir utarbeida i løpet av våren 2023. Dette skal bidra til at kommunen sitt klimaavtrykk kan reduserast ytterlegare, og vert ein viktig del av berekraftarbeidet i kommunen

FN sine bærekraftsmål NORAD