Einingsleiar på plass ved det nye HelsehusetKanutte Riber Roald har takka ja til stillinga som einingsleiar ved det nye Helsehuset. Publisert 03.09.2025 14.31 Sist endra 03.09.2025 14.31 Kanutte er utdanna spesialsjukepleiar med vidareutdanning innan leiing, og har dei siste åra arbeidd som avdelingsleiar ved Sykkylven legesenter. Med fleire års erfaring frå leiing og ein solid fagleg bakgrunn, er ho godt rusta til å ta på seg den nye rolla.Kanutte ser fram til oppstart: - Det blir spennande og kjekt med nytt helsehus, og å få jobbe i lag med så mange dyktige fagfolk, seier ho. Opning av helsehuset er planlagt i slutten av november.