Har du innspel til klima- og energiplan 2025 - 2037?

Sykkylven kommune jobbar med ein ny klima- og energiplan. Vi vil gjerne høyre kva du meiner vi kan gjere for å redusere klimagassutslepp og gjere Sykkylven robust i møte med klimaendringane. 

Basert på kunnskapsgrunnlaget vi har om klimagassutslepp i Sykkylven, har vi tatt utgangspunkt i å dele planen inn i desse seks satsingsområda: 

  • Energi
  • Mobilitet og transport 
  • Arealbruk, tettstadutvikling og bygg 
  • Forbruk og avfall 
  • Næringsliv 
  • Landbruk 

Du kan velje om du vil kome med innspel til eitt eller fleire satsingsområde. Det er også mogleg å gi innspel på andre område som du meiner er relevant for klima- og energiplan. 

Send inn innspel

Folkemøte 14. mai

Vi vil også gjennomføre eit folkemøte 14. mai der det blir meir informasjon om planarbeidet og kunnskapsgrunnlaget,. Du kan også kome med innspel her. 

Meir informasjon om folkemøtet kjem når detaljane er på plass.