Kjeldesortering avfall på Fjellsetra - først ute i vår region

Snart får du utstyr til å sortere fleire typar avfall når du er på hyttetur. Då kan du sortere og levere plastemballasje,
papiravfall, glas- og metallemballasje, miljøfarleg avfall, matavfall og restavfall. Avfallet du sorterar blir sendt til
gjenvinning, slik at vi får utnytta ressursane i avfallet best mogleg.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Utdeling av utstyr
Alle som har hytte- eller fritidsbustad får utstyr til sortering.

Vi deler ut utstyr første veka i september, og plasserar dette på utsida av hytta di på Fjellsætra.

Vi forsøker å setje utstyret slik at det står trygt for ver og vind. Det er bra om du hentar det inn om kort tid.

Om du ikkje skal på hytta dei næraste månadane, send e-post til post@arim.no innan 28. august, så avtalar vi utdeling av utstyr.


Greit å vite:

• Når du er tom for sekkar og posar kan du hente nye hos ÅRIM. Vi vil også få på plass ei ordning med utdeling av sekkar og posar ved hyttepunkta.
• Vi tømer ikkje den raude boksen. Denne tek du med til ein bemanna miljøstasjon saman med miljøstasjonkortet
og leverar avfallet der.
• På Fjellsætra har vi hyttepunkt med brønnar på Dravlausstølen og Fausaskiftet. Hyttepunktet nær skitrekket vil også bli erstatta med brønnar i haust. Punktet inne på Fausa vil seinare bli tatt bort. Dei som leverer avfall dit kan bruke punktet som er på Fausaskiftet.
• Dei som er i hyttefelt for spikartelt får i utgangspunktet felles boks for farleg avfall, som dei deler på. Dei kan få eigen boks ved å ta kontakt med ÅRIM.

 

Vi håper ordninga vil fungere godt for deg. Når du sorterer avfallet, gjer du det mogleg for oss å gjenbruke materiala det er laga av.

Fjellsætra er først ut med full kjeldesortering for hytte- og fritidsbustader i regionen.


Planen er å innføre lik sortering både heime hos folk, og på hyttepunkta.


Lykke til med kjeldesorteringa!


Har du spørsmål?


Ta gjerne kontakt på post@arim.no eller ring 70 31 41 00.

Med vennleg helsing
Miljøselskapet ÅRIM

Brosjyre - Kjeldesortering på hytta

 
Odd Jostein Drotninghaug