Klimaklok bilpark

Vi skal vere ein klimaklok kommune. Difor må kommunen bidra, feie for eiga dør, og redusere eigne utslepp. Elbilparken vår er ein del av arbeidet vårt for å oppnå dette, seier kommunedirektør Bente Glomset Vikhagen.

Det siste tilskotet til elbilparken er fire nye el-bilar til bruk i heimetenestene.

Positiv tilbakemelding frå dei tilsette

Tilbakemeldinga frå dei tilsette i heimesjukepleia er at dei nye el-bilane er gode å køyre, spesielt på småkøyring som ein har ein del av i denne tenesta. Det er også eit stort pluss at dei er miljøvennlege.

Lading kan vere utfordrande i ei døgnbemanna teneste, men med gode rutiner på plass, og omstillingsdyktige tilsette har dette gått veldig bra. Alt i alt er tilbakemeldingane positive!

Satsar på el-bilar også i framtida

Sykkylven kommune kjem ut med anbod for å anskaffe 5-10 nye heil-elektriske bilar med 4hjulstrekk i løpet av hausten, for levering i 2024. 

Vi vil og vurdere overgang til el-varebilar i overgangen 2023/2024. 

Frå tidlegare har Sykkylven kommune 1 heil-elektrisk varebil. 

Kontakt

Torbjørn Ove Emblem
Kommunedirektør
E-post
Mobil 46 40 56 10

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post