Kommuneplan Arealdelen - oppstart rullering

Kommuneplanen Arealdelen skal fornyast. No er tida for dei som ønsker endra plansituasjon for sitt areal å kome med innspel. 

NB - arealdelen omfattar ikkje sentrum-Ikornnes, Straumgjerde og områda kring Nysætervatnet.

Har du eit areal innanfor planområdet du ønsker å bruke til byggeformål eller noko anna enn dagens bruk, er dette første steget for å få vurdert saka.  Teikn på kart, forklar kva du ønsker og kvifor, og send til kommunen. 

Alle innspel blir vurdert for konsekvens etter ein fast mal. Alle ønske vert ikkje imøtekomne, men gjennom ein open prosess styrt etter plan- og bygningslova, skal alle sider belysast, og forslagsstillarar og andre får høve til å uttale seg til eit utkast til plan, før kommunestyret til slutt gjer endeleg vedtak.

Det kostar ikkje noko å få eit forslag vurdert i kommuneplanprosessen. 

Dokument i saka: 

Planprogram, høyringsutkast

Saksutgreiing med protokoll frå Nærings- og utviklingsutvalet, sak 22/54

Uttalar kan sendast Sykkylven kommune, Rådhuset, 6230 Sykkylven eller på e-post til: postmottak@sykkylven.kommune.no  

Frist for å sende inn forslag er 24.november 2022

Forslag til ny plan skal leggast ut til høyring i løpet av 2023. 

NB - rulleringa omfattar ikkje sentrum-Ikornnes og Straumgjerde då desse har relativt nye kommunedelplanar. Områda kring Nysætervatnet er heller ikkje omfatta av rulleringa. Kommunedelplanen her får eiga rullering som startar i 2023.  

Les meir om prosessen under Høyringar