Kontrollert nedbrenning av hus i øvingssamanhengSykkylven brann og redning og Ekornes Industrivern vil 29. mars gjennomføre ei nedbrenningsøving av eit bustadhus i Sunndalsvegen 40. Ein fullskala øving som dette er eit viktig element i brannvernet sitt øvingsprogram. Publisert 24.03.2025 07.00 Sist endra 24.03.2025 09.28 Brannvernet får praktisk og teoretisk trening i ulike teknikker og utstyr, noko som gir verdifull erfaring som elles er vanskeleg å tileigne seg i det daglege arbeidet. Denne kunnskapen er viktig for oss slik at vi i framtida skal kunne handtere utfordringane som ein bustadbrann inneber på ein best mogleg måte. Brannvernet har løyve for slike kontrollerte nedbrenningsøvingar etter gitte forutsetningar, og vi viser til §5 i lokal Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Sykkylven kommune, Møre og Romsdal Øvinga vil nok medføre ein del røyk i nærområdet og vi ber naboar eller andre som vert eksponert om å stenge vindauge og ventilasjonsanlegg. Ta gjerne kontakt med Sykkylven kommune eller brannvernet dersom du har spørsmål knytt til tiltaket.