Lag din eigen nødplakat

Mange har ikkje vegadresse til fritidsbustaden sin, noko som kan få konsekvensar dersom uhellet er ute. 

Ein nødplakat har all informasjon nødetatane treng for å finne fram når du treng rask hjelp. Nødplakaten er utskrift av ein "plakat" som alle enkelt kan lage sjølv på PC-en sin. Utskrifta inneheld den nøyaktige geografiske posisjonen for den staden du vel å lage nødplakat for. 

Slik lagar du nødplakaten

Nødplakaten til Kartverket er gratis, og alle kan lage sin eigen nødplakat på PC-en. Slik gjer du det:

  1. Klikk deg inn på Kartverkets noregskart (lenke lenger ned på sida)
  2. Zoom deg inn i kartet (eller bruk søkefeltet) og klikk på den eksakte staden du vil markere, til dømes hytta di
  3. Vel «Lag nødplakat» i menyen som dukkar opp og godta vilkåra
  4. Gi punktet ditt eit namn (til dømes «Hytta vår» og vel rett stadnamn)
  5. Kryss av at rett stadnamn er vald og klikk på «Last ned»
  6. Du får no ei pdf-fil som du kan ta utskrift av
  7. Heng utskrifta opp ein stad ho er lett å finne

Gå til norgeskart.no for å lage nødplakat

Nødplakaten kan du henge for eksempel på hytta di, slik at du raskt kan formidle kor redningsmannskapa kan finne deg.

Det kan òg vere lurt å ha ein nødplakat heime i stova eller gangen, dersom du ikkje har vegadresse heime. 

Sjå kartverket.no for meir informasjon:

Lag din eigen nødplakat

Hytteadressen kan redde liv i påsken