Nye leiligheiter til leige sentralt i Sykkylven - Smibrauta

Sykkylven kommune tek i mot søknadar til dei ni bustadane i Smibrauta fortløpande. Bustadane er særskilt godt tilrettelagt for eldre/seniorar. Bustadane vil vere innflytningsklare 1. mars 2020.

Kommunen tildelar bustadane etter søknad, og etter dei kriteria som kommunen og Husbanken har sett for tildeling. 

Søkjer(ane) vert vurdert etter eit eller fleire av desse kriteria; 

  • Må bu eller opphalde seg i kommuna
  • Ha behov for helse- og omsorgsteneste av varig karakter
  • Ha moderat funksjonssvikt, det vert vurdert om kommunal tildeling av privat bustad kan førebygge ytterlegare funksjonssvikt med siktemål om å bu lengre heime

Informasjonsbrosjyre og søknadsskjema finn du på servicetorget eller på heimesida til Sykkylven kommune: 

Søknadar kan sendast til postmottak@sykkylven.kommune.no eller dei kan leverast til servicetorget.

Dersom du har fleire spørsmål, ta kontakt med servicetorget på telefon 70246500 eller Sykkylven bustadselskap AS v/Vidar Nakken på telefon 90203240 eller på mail: vidar@bustadselskapet.no