Opent folkemøte 14. mai

Sykkylven kommune jobbar med ein ny klima- og energiplan for 2025 - 2037, og inviterer til folkemøte for å høyre kva DU meiner vi bør gjere dei neste 12 åra. 

Kom på folkemøte onsdag 14. mai kl. 17.30 på biblioteket. 

Klimaendringane er her allereie, og det er ein global dugnad å bremse utviklinga. Men kva skal vi i Sykkylven gjere? Det dei gjer i Oslo passar kanskje ikkje like bra her, vi må finne vår veg med dei kvalitetane og utfordringane vi har i Sykkylven.

Satsingsområder 

Med utgangspunkt i samfunnsplanen og kunnskapsgrunnlaget vi har om klima og energi for Sykkylven, har vi plukka ut seks satsingsområde for klima- og energiplanen:

  • Energi
  • Mobilitet og transport
  • Arealbruk, tettstadutvikling og bygg
  • Forbruk og avfall 
  • Næringsliv
  • Landbruk

Har du ein ide eller tankar om kva grep som kan vere smarte å gjere for Sykkylven? Då håpar vi du kjenner besøkstida di og tek turen til biblioteket 14. mai kl. 17.30. 

Kva kan du vente deg? 

  • Innleiing: 
    • Kort informasjon om planprosessen 
    • Presentasjon av kunnskapsgrunnlaget vi har per i dag (hovudfunn) 
    • Resultat frå innbyggarundersøking 2025 - kva haldningar og endringsvilje har vi sykkylvingar når det kjem til klima og miljø? 
  • Hovuddel: 
    Fri flyt av idear og tankar. Vi vil gjerne samle inn alle idear og innspel, men vi treng dei skriftleg. Vi legg opp til bord/avdelingar med ulike tema, der det er mogleg å kome med innspel digitalt eller med penn og papir. Her håpar vi på mange gode diskusjonar, og kanskje det til og med kan kome idear som ingen har tenkt på før? 

Kven vil vere der? 

  • Deler av arbeidsgruppa som jobbar med planen (Arild Rinnan, Mandy Häger, Odd Jostein Drotninghaug og Birte Enstad) 
  • Ordføraren kjem ein tur 
  • Vi håper fleire politikarar også tek turen
  • Og så håper vi sjølvsagt at du som har innspel til planen kjem

Det blir servert kaffi og te, men ikkje matservering. 

Kan du ikkje delta? Fortvil ikkje, det er mogleg å kome med innspel digitalt også: 

Skjema - Innspel til klima- og energiplan 2025 - 2037