Skaparglede? Sjå her! Har du ein idé? Vil du bli med å skape nye og spanande arbeidsplassar i Sykkylven? Då vil vi høyre i frå deg! Omstillingsprogrammet i Sykkylven kommune er ein ekstraordinær innsats som skal bidra til vekst og verdiskaping i kommunen. Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ønskjer å starte eller utvikle verksemd i Sykkylven kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsmidlane i perioden 2021-2026. Omstillingsprogrammets hovudmål er å bidra til å skape nye og sikre 170 arbeidsplassar i Sykkylven i løpet av 6 år. Sist endra 07.10.2024 13.59 Dette kan du søke omstillingsmidlar tilKravet er at tiltaket de ønskar å utvikle fell inn under omstillingsprogrammet i Sykkylven sine innsatsområde: 1. Skaparglede i næringslivet 2. Opplevingsnæringar3. Samarbeid og nettverk4. Attraktive SykkylvenEksemplar på prosjekt som omstillingsprogrammet kan støtte er:Næringsprosjekt med vekstpotensial i tidleg faseForstudie og forprosjektEkstraordinære etableringskostnadarMarknadsundersøkingarProsess og produktutviklingKompetansehevingKonsulenthjelpSlik søker du omstillingsmidlar Ta kontakt med Sykkylven næringsutvikling, dei kan gi deg råd om korleis du kan planlegge, søke om, og gjennomføre prosjektet. Kontaktinformasjon omstillingsprogrammet i Sykkylven:Lise Haukeberg – Programleder OmstillingE-post: Lise.haukeberg@sykkylven.kommune.noTlf: +47 98 88 22 92Sjå skaparglede.no for meir informasjon.Du kan lese meir om omstilling her.