Skulebrakkene ved Aure skule til sals Sykkylven kommune sel no skulebrakkene ved Aure skule. Brakkene vert selde samla, og kjøpar må sjølv stå for flytting innan utgangen av desember 2025. Publisert 04.08.2025 07.41 Sist endra 13.10.2025 10.41 Kort informasjon om brakkene Brakkene inneheld: 4 klasserom Toalettfasilitetar Heis til 2. etasjeBrakkene har ikkje vore i bruk det siste året, og kommunen har ikkje vidare behov for dei. Dei vert selde samla, i den stand dei er ved kjøpstidspunktet. NY! Prisantydning: kr 400.000,-. kr. 150.000 Alle bod blir vurdert. Kjøpar er ansvarleg for flytting og transport av skulebrakkene innan utgangen av desember 2025. Slik sender du bodBod skal sendast skriftleg på e-post til postmottak@sykkylven.kommune.no. Merk e-posten med “Bod skulebrakker”.Bodfrist: torsdag 28. august 2025. 31. oktober 2025Ta kontakt med Sykkylven kommune via sentralbordet, 70 24 65 00 for visning eller spørsmål. Det vil også kome meir informasjon både her på heimesida og på finn.no.