Stipend for helse- og sosialfagstudentar - skuleåret 2025/2026Sykkylven kommune gir stipend til deg som bur i kommunen og tek bachelor innan helse- eller sosialfag. Oppfyller du krava, får du heile 35.000 kr for skuleåret 2025/2026. Sist endra 25.06.2025 13.52 Om stipendet Kvar år søker kommunen kompetansemidlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Desse midlane blir tildelt som stipend til bachelorstudentar innan helse- og sosialfag som er heimehøyrande i Sykkylven. Målet med stipendet er å styrke kompetansen i helse- og omsorgstenesta og møte framtidige utfordringar i sektoren. Midlane blir fordelt etter nasjonale prioriteringar. Vilkår for stipendetDu må vere registrert student innan helse- og sosialfag (stadfesting på studie frå Samordna opptak eller studiestadan må leggast ved søknaden)Du må vere budd på å arbeide som ferievikar i høgtider og ferier medan du mottek stipend Slik søker du Fyll ut søknadsskjemaet. Husk å legge ved stadfesting på studie frå Samordna opptak eller studiestaden. Gå til søknadsskjema Vi tildeler stipend fortløpande så lenge vi har midlar.