Aktuelt

04.04.2022 09.22

Sykkylven kommune er med i nettverksarbeidet retta mot barn og unges helsetenester

Sykkylven kommune er med i nettverksarbeidet retta mot barn og unges helsetenester

Nettverksarbeidet skal sikre samanhengande helsetenester mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta for barn og unge med psykiske utfordringar.

Om nettverksarbeidet

Sykkylven kommune deltek i nettverksarbeidet rundt barn og unge sine psykiske helsetenester i Møre og Romsdal. Våre to representantar er einingsleiar i barne- og familietenestene Linda Nilsen Hovland og fagleiar helsestasjon Kristin Bjørge Thuen.

Målsettinga med satsinga er å sikre samanhengande helsetenester mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta for barn og unge med psykiske utfordringar. Dette for å sikre at det blir ytt rett hjelp tidlegast mogleg av rett instans.

Sju samhandlingsforløp for dei mest vanlege  psykiske helseplagene skal implementerast. Forløpa vil fungere som eit kart over tenestene og gi oversikt over dei ulike tenestene sine roller og ansvarsområde.

Dei 7 områda er:

  • Angstplager
  • Autismespekterforstyrring
  • Bekymring for born 0 – 3 år
  • Vanskar med merksemd og uro
  • Spisevanskar og spiseforstyrringar
  • Depresjonsplager og triste kjensler
  • Vald, overgrep og omsorgssvikt

Vil du vite meir?

Du kan lese meir om nettverksarbeidet på Helse Møre og Romsdal og Helse Fonna sine sider:

Helse Møre og Romsdal    

Helse Fonna