Tilskot til tiltak i beiteområde, Søknadsfrist: 15. februar

Føremålet med ordninga er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.

Kven kan søkje? 

Beitelag og andre former for organisert samarbeid (t.d. grunneigarlag, radiobjellelag) som er registrert i einingsregisteret og som driv med næringsmessig beitedrift kan søkje om tilskot til tiltak i beiteområde. I område der det pga. naturgitte eller driftsmessige høve ikkje ligg til rette for samarbeid kan føretak som oppfyll krava i forskrift om produksjons- og avløysartislkot § 2 også søkje om tilskot. 

Kva kan ein søkje på? 

Tilskotet er delt inn i to ulike grupper tiltak - Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt, samt tilskot til investeringar knytt til utmarksbeita. Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt kan vere ulike typar prosjekt som rettar seg mot organisering og tilrettelegging av utmarksbeita for god og effektiv beitebruk. 

Døme på tiltak og kommunal tiltaksstrategi 

Søknadsskjema 

Søknaden skal sendast inn elektronisk via Altinn. Søknadsskjema finn du ved å trykke på lenka nedanfor. 

Søknadsskjema (Altinn)

Kontakt

Mandy Häger
Jordbrukssjef
E-post
Mobil 47 71 57 41

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post