Treng du hjelp eller er du bekymra for nokon?

Sykkylven kommune har utarbeidd ein lokal handlingsplan som del av satsinga på Betre Tverrfagleg Innsats (BTI).

Handlingsrettleiaren for Sykkylven 

Det skal vere trygt og godt for barn og unge å vekse opp i vår kommune. Av og til oppstår det likevel utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Kva gjer du dersom du lurer på om eit barn eller ein ungdom treng hjelp? Kva gjer du som barn/ung dersom du sjølv treng hjelp? Korleis skal dei tilsette i kommunen arbeide for å gi best mogleg hjelp til barn og unge?

Handlingsrettleiaren gir tilpassa oversikt over instansar og hjelpetiltak for barn/unge, vaksne og tilsette i kommunen. Den inneheld viktig kontaktinformasjon, lenker til eksterne hjelpeinstansar og informasjon om kvar du kan få hjelp. 

Handlingsrettleiaren viser også BTI-modellen som kommunen skal arbeide etter. Nivå 0 betyr observasjon, kartlegging og undersøkingar som vert gjort når ein tilsett i barnehagen / skulen vert bekymra for om eit barn eller ein elev. På nivå 1 set skulen inn eigne tiltak saman med dei føresette til barnet/eleven. Nivå 2 inneber høgare grad av tverrfagleg samarbeid med t.d. PPT, helsestasjon. Nivå 3 inneber tverrfagleg samarbeid både mellom interne kommunale tenesteområder og ev. spesialisthelseteneste eller andre eksterne hjelpeinstansar. 

Målet med denne måten å arbeide på, er å involvere barna og deira føresette tidleg slik nødvendig hjelp blir meir målretta og tilpassa behovet barnet/eleven har.