Legevakt

Interkommunal legevakt for Sykkylven og Stranda er bemanna i følgande tidsrom:

Klokkeslett vekedagar     16.00 – 08:00
Klokkeslett helg/høgtid    Heile døgnet

Telefonnummer:               116 117
Besøksadresse:                Haugneset 20, 6230 Sykkylven
 

Når skal du kontakte legevakta?

  • Ta kontakt med legevakt ved akutt sjukdom, forverring av sjukdom eller skadar som treng akutt hjelp og ikkje kan vente til neste dag.
  • For akutt hjelp på kveld/natt/helg – ring 116 117.
    Du får snakke med ein sjukepleiar som kan gi deg råd, rettleiing og hjelp til å vurdere om du treng rask helsehjelp eller om du kan vente.
  • For akutt hjelp på dagtid – ring fastlegen din. Har du ikkje fastlege i området vil du få nødvendig hjelp i kommunedelen du er i. Ta kontakt med legevakta som vil vurdere behov og sette deg i kontakt med næraste legevakt/legekontor.
  • Når liv og helse står i fare, ring medisinsk naudnummer 113

Eksempel på ting som ikkje skal til legevakt:

  • Lege- og helseattestar
  • Sjukmeldingar der behandling ikkje er eit krav.
  • Fornying av reseptar (med unntak av livsviktige medisinar)
  • Reseptar på A og B-preparat
  • Kontroll og utgreiing av kroniske sjukdommar
  • Innlegging av prevensjonsmiddel (eks. spiral)
  • Planlagt injeksjonssetting
  • Rustesting (kun på oppdrag frå politiet)

Praktisk informasjon

Betaling

Eigendel for legekonsultasjon skal betalast på betalingsautomat ute på venterommet.

Dersom eigendel ikkje blir betalt på betalingsautomat vil det automatisk bli sendt ut ein giro, fakturagebyr vil då komme i tillegg.

Husk å fremvise frikort når du er på legevakta då dei har eige journalsystem. Ver oppmerksam på at sjølv om du har frikort eller anna fritak frå eigendel for behandling skal du likevel betale for tenester som ikkje blir dekt av Helfo. Dette kan vere bruk av utstyr og materiell, eller kjøp av materiell og attestar m.m.

Spørsmål om faktura må rettast til legevakta på dagtid mellom 08:00-15:00.

Transport

Du kan få dekt pasientreisa di når legen vurderer at det er medisinske årsaker til å reise med drosje.

Ring til legevakta for å gjere avtale om du kan/vil få dekt drosjerekvisisjon.

Sjå meir informasjon om pasientreiser.

Parkering

Det finst parkeringsplassar for besøkande ved hovudinngangen til legevakta.

Reseptar

Legevakta skriv berre ut medisinar som gjeld den akutte behandlinga. Vanedannande medisinar (gruppe B) blir kun skrivne ut når det er nødvendig, og alltid i minstepakningar. Faste medisinar må ein få resept på hos fastlegen. Reseptar hentast ut på apotek. Dersom apoteket er stengt får ein med seg startdosen på behandlinga frå legevakta.

Apotek

Vaktapotek: Apotek 1 Klokkersundet i Klokkersundvegen 2, 6015 Ålesund har opent søndagar kl 18.00 – 20.00.

 

Nyttige lenkjer: 

Giftinformasjon - Helsenorge.no

Kjernejournal - Helsenorge.no