Eigedomsskatt - informasjon

Kommunestyret fastset kvart år i samband med budsjettet kva satsar og reglar som skal nyttast ved utskriving av eigedomsskatt for det komande skatteåret.

Desember 2024 vedtok kommunestyret at det i 2025 skal skrivast ut eigedomsskatt for faste eigedomar i heile kommunen, unnateke næringseigedom, kraftanlegg, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum. Eigedomsskatten skal skrivast ut etter Eigedomsskattelova § 2 og 3.

NB! For dei som har takst frå skatteetaten henter vi inn grunnlag frå likninga 2023. 

Slik reknar vi ut eigedomsskatten

Vi bruker i hovudsak bustadverdien (formuegrunnlaget) frå Skatteetaten, for å fastsette eigedomsskattegrunnlaget for bustadeigedomar i kommunen.

I dei tilfella vi ikkje har motteke denne bustadverdien frå Skatteetaten, blir taksten fastsett av kommunen.

I 2025 er skattesatsen 2,1 for alle eigedomar som skal betale eigedomsskatt. Det betyr at du skal betale 2,1 promille av skattegrunnlaget i eigedomsskatt.

Korleis skal eg betale eigedomsskatt?

1. Først får du ein skattesetel (skatteseddel)

Alle som skal betale eigedomsskatt vil få tilsendt ein skattesetel med informasjon om takst. På denne finn du informasjon om  kva som er lagt til grunn for utrekninga. Skattesetel er berre informasjon, ikkje ein faktura.

Vidare finn du informasjon om kva du skal betale i eigedomsskatt, klagefrist og kvar du skal sende klagen.

Skattesetelene blir sendt ut innan utgangen av februar 2025. På denne finn du informasjon om mogleheiten for å klage.

2. Så får du faktura som du må betale

Eigedomsskatten vert i 2025 fakturert i 2 terminar, med følgjande forfall:

15. juni

15. november

Beløpet for heile 2025 er likt delt på dei 2 terminane.