SalsløyveNår treng du salsløyve?Butikkar som skal selje alkohol, må søkje om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke med inntil 4,7 volumprosent alkohol. Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve. Sist endra 26.08.2024 14.54 Løyvet blir gitt for maksimalt fire år om gongen. Kven kan få salsløyve?Løyvet blir gitt til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. I søknaden må du gi opplysningar om staden, eigarforhald og kven som skal vere styrar og stedfortredar. Korleis søkje? Søknadsskjema - Søknad om løyve til sal av alkoholholdig drikk gruppe 1 (PDF, 2 MB) Vedlegg til søknad: Firmaattest MVA-attest Skatteattest Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og stedfortredar Teikning av lokalet inne og uteKommunen kan i enkelte høve be om ytterlegare dokumentasjon, som til dømes akjeeigarbok, budsjett og finansieringsplan. Kor lang tid tar det?Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og sosialtenesta. Behandlingstida kan bli lengre om høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjør endringar undervegs i behandlinga av søknaden. Kunnskapsprøva i alkohollovaFor å få salsløyve er det eit krav at styrar og stedfortredar har bestått Kunnskapsprøven i alkohollova for salsløyve.Du finn meir informasjon om Kunnskapsprøva ved å følgje lenka under: Kunnskapsprøve alkohollovenRapporteringOmsetning skal rapporterast til Sykkylven kommune ein gont i året på eige skjema. Lover og forskifterAlkoholloven