All nødvendig informasjon, inkludert søknadsskjema, finn du på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet. Vi anbefalar alle å sende inn søknad digitalt. Når du bruker digital søknadsløysing får du rettleiing undervegs i søknadsprosessen, noko som gjer det enklare å sende ein komplett søknad til kommunen.
Byggesøknad
Råd og rettleiar til deg som har byggeplanar.
Kva kan eg bygge utan å søke?
Det er fleire forhold som avgjer om eit tiltak er unntatt frå søknadsplikt. Sjekk rettleiaren for om eit tiltak er søknadspliktig eller ikkje:
Må du søke?
Nokre tiltak kan du søke om utan å bruke fagfolk, men for større tiltak må ansvarleg foretak stå for både søknaden og utføringa.
Har du ikkje moglegheit til å sende inn søknaden digitalt, kan bruke papirskjema. Søknadsskjema kan sendast på e-post til postmottak@sykkylven.kommune.no, eller pr. post til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven. Papirskjema finn du på dibk.no
Avslutning av gamle byggesaker
Kva må eg gjere dersom bustaden eller andre tiltak manglar bruksløyve eller ferdigattest?
Korleis dette skal løysast er avhengig av kva tid byggesøknaden vart innsendt.
Sjå informasjon under.
Det er ikkje mogleg å få ferdigattest for tiltak som er omsøkt før 1. januar 1998. Dersom byggverket er omsøkt, godkjent og det foreligg eit mellombels bruksløyve, vil det ikkje vere ulovleg å bruke byggverket sjølv om ferdigattest manglar.
Eventuelle ulovlege byggetiltak vil ikkje automatisk vere godkjent i slike saker, og teikningane som låg til grunn for byggetiltaket er dei som fortsatt gjeld. Det er då bygget sin eigar som er ansvarleg for at bygget er utført i tråd med løyvet.
Viss det er gitt mellombels bruksløyve for tiltaket, kan kommunen gi ferdigattest basert på:
- erklæring frå ansvarlege foretak frå byggesaka, eller
- akseptere ei eigenerklæring frå tiltakshavar
Dette vil vere uavhengig av omfanget og kompleksiteten av det arbeidet som gjensto då bruksløyve vart gitt. Dersom der ikkje er mogleg å få tak i dei foretaka som hadde ansvarsrett i byggesaka, må eit eller fleire andre foretak ta over ansvaret. Kommunen kan pålegge uavhengig kontroll av arbeidet der vi ser det som nødvendig.
Eigenerklæring frå tiltakshavar er for eksempel tilstrekkeleg der det gjenståande arbeidet i seg sjølv ikkje ville vore ansvarsbelagt.
Dersom det ikkje er blitt gitt mellombels bruksløyve må ansvarleg foretak gå god for arbeidet; enten dei som fekk ansvarsrett i byggesaka, eller nye foretak som tek over ansvaret. Uavhengig kontroll av utført arbeid kan ofte vere aktuelt i slike tilfelle.
For desse søknadane er det ingen unntak. Dette betyr at ansvarlege foretak skal gi samsvarserklæring for arbeidet dei utføre, og kommunen skal gi ferdigattest på bakgrunn av desse erklæringane.
Enkelte byggetiltak blir omsøkt og gjennomført utan ansvarlege foretak. I dei tilfella er det tilstrekkeleg med ei stadfesting frå tiltakshavar om at arbeidet er utført i tråd med løyvet.
Gebyrregulativ
Gebyr for behandling av byggesaker.