Kva er ein reguleringsplan

Kva er ein reguleringsplan

Reguleringsplan med tilhøyrande føresegner (bestemmelsar) angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader, jf. plan- og bygningsloven § 12-1.

Ein reguleringsplan er kommunen sin måte å styre utviklinga av eit område på. Korleis skal vi bu? Kvar skal vi ha friluftsområde og leikeareal?

Ein reguleringsplan består av eit plankart med tilhøyrande føresegner og planomtale. Plankartet viser kva type føremål som er tillate, til dømes bustader, næring eller leikeareal. Føresegner og planomtale seier noko om kor mykje som kan byggast og om det til dømes er krav om opparbeiding av andre funksjonar (rekkefølgjekrav) som gangvegar, leikeplassar og liknande før ein kan sette i gang med å bygge eller folk kan flytte inn i dei nye bustadane.

Det finnast to typar reguleringsplanar:

  • OmrådereguleringBlir til vanleg utarbeidd av kommunen og styrer utviklinga av eit større område.
  • Detaljregulering: Knytt opp til eit spesifikt byggje- eller verneinitiativ på mindre område, til dømes regulering av område til bustader eller skuleareal. Både kommunen og private aktørar kan utarbeide ei detaljregulering, men alle må halde seg til kommunen sine overordna planar.

Slik blir ein reguleringsplan utarbeidd

Informasjon om utarbeiding av reguleringsplan

 

Når kan du påverke ein reguleringsplan?

Ein viktig del av arbeidet med ein reguleringsplan eller områdeplan er å få innspel frå innbyggarane om korleis dei meiner ein skal utnytte eit område. Du kan kome med innspel på to ulike tidspunkt i ein planprosess:

  • når planarbeidet startar opp, ved varsel om oppstart
  • når planforslaget er ferdig utarbeidd og er sendt på høyring og offentleg ettersyn.

I begge rundane får naboar, grunneigarar og relevante offentlege styresmakter skriftleg varsel om planarbeidet. I tillegg blir planarbeidet annonsert i lokalavisene og på kommunen sine heimesider. Når reguleringsplanen er ferdig vedteken, er det høve til å klage på vedtaket dersom ein framleis ikkje er nøgd med utforminga og føler at ein ikkje har blitt høyrt i planprosessen.