1. Oppstartsfase
Idestadiet
Forslagstiller kartlegger sjølv den framtidige utnyttinga av eigedomen sin og om ein ønskjer å sette i gang eit reguleringsplanarbeid. Kommunen sin bistand på dette stadiet vil vere avgrensa og i all hovudsak vere å gi informasjon om gjeldande planar, rekkjefølgjekrav i kommuneplan, teknisk infrastruktur, gjeldande retningslinjer og føringar for området, og opplyse om anna pågåande planarbeid.
Planinitiativ
Planinitiativet er eit eige dokument som forslagsstillar/innleigd plankonsulent må sendast inn til kommunen før oppstartsmøte Det må sendast inn seinast samtidig med at forslagsstillar bestiller møtet. Innhaldet i planinitiativet skal danne grunnlag for det som skal diskuterast i oppstartsmøte, og planinitiastivet bør difor på ein god måte gjere greie for forslagsstillar sitt prosjekt, lokale forhold og verknadar på omgjevnadane. Initiativet inneheld ofte skisser, illustrasjonar og anna grafisk materiale som beskriv prosjektet.
Forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningsloven § 1 inneheld ei rekkje krav til innhaldet i planinitiativet. Nokre av krava gjeld omtale av prosjektet, andre gjeld forholdet til omgjevnadane, samarbeid, medverknad mv. Krava må oppfattast som minimumskrav til kva som skal gjerast greie for.
Sykkylven kommune har utarbeidt eit skjema for planinitiativ som kan nyttast. Punkta skal fyllast ut så langt det er mogleg på dette stadiet i prosessen:
Skjema for planinitativ (PDF, 387 kB) Skjema for planinitiativ
Oppstartsmøte
Når private ønskjer å fremme forslag til regulering, skal det haldast eit oppstartsmøte før det vert sendt ut varsel om oppstart av planarbeidet. På oppstartsmøtet skal det vere ein gjennomgang av planprosjektet og forhold i lovverk, planverk og i planområdet som er aktuelt for prosessen vidare. Dette for at forslagstillar, plankonsulent og kommunen skal ha ei felles forståing av forholda rundt den komande reguleringsprosessen. Møtet skal sikre god informasjonsflyt, fremme samarbeid og vil i mange tilfelle kunne hindre at forslagsstillar legg ned ressursar i planarbeid som ikkje kan føre fram til vedtak.
Kommunen skal utarbeide eit referat frå oppstartsmøtet som både kommunen og forslagstillar skal skrive under på. I referatet skal det kome fram kva tema som er diskutert under møtet og evt. konklusjonar. Det er eit siktemål at referatet skal leggast til grunn for forslagsstillars og kommunens vidare arbeid med planen. Eventuell usemje på vesentlege punkt skal kome fram i referatet.
Eit viktig punkt i oppstartmøtet er å avklare om kommunen vil anbefale forslagsstillar å gå vidare med planarbeidet eller om kommunen vil stoppe planinitiativet med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 andre ledd. Avgjerd om å stoppe eit privat planinitiativ skal takast så tidleg som mogleg i oppstartfasen, og om ikkje anna er avtalt, seinast like etter at oppstartsmøte er halde. Avgjerd om å stoppe eit planinitiativ kan ikke påklagast, men forslagsstiller kan kreve spørsmålet lagt fram for kommunestyret til vurdering.
Planoppstart
Varsling og kunngjering av planoppstart kan ikkje skje før kommunen har gitt klarsignal til forslagsstillar om dette.
Varselet om at planarbeidet startar opp etter plan- og bygningslova § 12-8 første ledd, og skal ha vedlagt planinitiativet og referatet frå oppstartsmøtet eller opplyse om kvar det er tilgjengeleg. Kunngjeringa om at planarbeidet startar etter plan- og bygningslova § 12-8 tredje ledd skal gi opplysningar om kvar planinitiativet og referatet frå oppstartsmøtet er tilgjengeleg for innsyn. Registrerte grunneigarar og festarar i planområdet, gjeldande offentlege mydigheiter og så vidt mogleg andre med rettar i planområdet, samt naboar til planområdet, skal når dei blir direkte ramma, på formålstenleg måte underrettast om at planarbeidet vert teke opp. Planoppstarten skal kunngjereast på kommunen si heimeside og i minst ei avis som er vanleg blir lest i Sykkylven (til dømes Sykkylvsbladet og Sunnmørsposten).
2. Utarbeiding av planen, høyring og offentleg ettersyn
Etter meldt oppstart vil innleigd plankonsulent utarbeide planforslaget på vegene av forslagstillar. Eksempel på dokument og utgreiingar som skal/kan utarbeidast/gjennomførast i denne perioden er:
- Plankart (PDF og SOSI)
- Planføresegner
- Planomtale
- Risiko- og sårbarheitsanalyse
- Evt. konsekvensutgreiing
- Arkeologiske registreringar
- Fagkunnig utgreiing om naturfare
Når eit planforslag er levert til kommunen for handsaming, vert planforslaget sjekka utifrå kommunen sine tidlegare tilbakemeldingar i saka, kommunen si sjekkliste og kravspesifikasjon for innlevering av planframlegg. Om planframlegget syner seg å ikkje vere tilfredsstillande, vert det sendt attende til den fagkunnige for utbetring.
Når kommunen har motteke eit komplett planforslag, skal Nærings- og utviklingsutvalet snarast, og seinast innan 12 veker (el. ein annan avtalt frist), avgjere om saka skal sendast på høyring og leggjast til off. ettersyn, jf. pbl § 12-11 . Om kommunen sender planforslaget tilbake for utbetring, stoppar 12 vekersfristen og held fram når planforslaget er sendt inn igjen til kommunen.
Om Nærings- og utviklingsutvalet gjer vedtak om å legge planforslaget ut til høyring og offentleg ettersyn, vert informasjon om dette sendt til aktuelle offentlege instansar og naboarar til planområdet med ein merknadsfrist på 6 veker. Dokument vil bli gjort tilgjengeleg på kommunen si heimeside og lagt ut til gjennomsyn på Servicetorget og Sykkylven biblioteket. Det vil og kome ei kunngjering i Sykkylvsbladet.
3. Etter høyring og offentleg ettersyn, eigengodkjenning
Etter at merknadsfristen på 6 veker er ute skal innkomne merknader oversendast frå kommunen til forslagstillar/plankonsulent. Ofte med kommentar frå kommunen. Nokon av merknadane/fråsegnene kan vere av informativ karakter som ikkje treng omarbeiding, medan andre krev ytterlegare undersøkingar eller vurderingar knytt til planforslaget. Enkelte myndigheiter kan rette motsegn til planforslaget. Motsegnspørsmålet må løysast før heile reguleringsplanen kan eigengodkjennast. Dei fleste motsegner løyser seg med tilleggsundersøkingar eller avklaringar. Om motsegna ikkje løyser seg kan kommunen gå til mekling hjå Fylkesmannen.
Om ein må gjere vesentlege endringar i planforslaget etter 1.gongs høyring og offentleg ettersyn må planforslaget ut til 2.gongs offentleg ettersyn. Denne prosessen er lik som for 1.gongs høyring og offentleg ettersyn.
Når/om planforslaget er klart for endeleg godkjenning (eigengodkjenning) blir det tatt opp til politisk behandling som endar med eit vedtak om eigengodkjenning i kommunestyret. Alternativt blir planforslaget sendt tilbake til adminstrasjonen for ytterlegare omarbeiding.
4. Kunngjering og klagefrist
Etter at kommunestyret har gjort vedtak om eigengodkjenning skal registrerte grunneigarar og festarar i planområdet og andre som har rettar i planområdet og naboar til planområdet når dei blir direkte berørt, underrettast med brev. Underrettinga skal innehalde opplysingar om klagerett og frist for klage, jf. pbl § 12-12.
Planen skal kunngjerast i ei avis allminneleg lest på staden og gjerast tilgjengeleg gjennom elektroniske medier. I Sykkylven vil dette vere Sykkylvsbladet og på heimesida til kommunen.
Slik klagar du på eit vedtak
Sjekklister og illustrasjon av planprosess