Private bustadtomter

Leitar du etter bustadtomt i Sykkylven kan du kontakte private grunneigarar med godkjent byggeareal.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Mange stader i kommunen sit private grunneigarar på godkjent byggeareal. Dette er einskildtomter eller større areal. Det varierer kva som til ei kvar tid ligg ute til salg.

Kommunen  oppmodar grunneigar som har areal dei vurderer å selge, om å melde dette inn til servicetorget sin tilflyttarkontakt. Kommunen kan då formidle opplysningane vidare til tomtesøkjarar som kontaktar kommunen. 

Leitar du etter tomt?

- Kontakt servicetorget ved tilflyttarkontakten.

- Bruk vedtekne arealplanar, leit etter bustadareal som ikkje er bygd ut og ta kontakt med grunneigar. Bustadareal er areal med lys eller mørk gulfarge i plankarta.

Oversiktsplanar (kommuneplan) finn du her. 

Detaljplanar (reguleringsplanar) finn du i Kommunekartet.

Kven som eig kan du sjølv finne ut på seeiendom.no