4 millionar til omstilling i Sykkylven

Tysdag 2.februar vedtok utvalet for kultur, næring og folkehelse i Møre og Romsdal Fylkeskommune å bevilge 4 millionar til første år av gjennomføringsfasen for omstillingsarbeidet i Sykkylven. 

I 2020 fekk Sykkylven ein halv million til strategi- og forankrinsfasen, som etter eit bredt lokalt engasjement definerte 3 innsatsområdet: 

  • Skaparglede i næringslivet, med mål om 170 nye eller sikra arbeidsplassar for å skape ein meir robust og variert næringsstruktur. 
  • Opplevingsnæringane, blant annet utvikling av eksisterande og nye opplevingsprodukt og masterplan for reiseutvikling. 
  • Samarbeid og nettverk, med tilrettelegging av samarbeidsarenaer og møteplassar. 
  • Attraktive Sykkylven, gjennom utvikling av gode kommunale tenester for næringslivet. 

Omstillingsorganisasjonen samlokaliserast med Sykkylven Næringsutvikling. Kommunestyret er programeigar med kommunedirektør som prosjektansvarleg. Omstillingsstyret består av lokale politikarar, næringslivsrepresentantar og observatørar frå bl.a. Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Lise Gundersen Haukeberg blir prosjektleiar for omstillingsarbeidet. Ho kjem frå Optimar, og har tidlegare erfaring frå bl.a. Nærings- og fiskeridepartementet og Høgskulen i Molde som doktorgradsstipendiat. 

Vi er heldige som får ein person med god kjennskap til verkemiddelapparatet, akademia og næringslivet på laget, seier kommunedirektør Geir Ove Vegsund.

For ytterlegare informasjon kontakt:

Ordførar Odd Jostein Drotninghaug, leiar av omstillingsstyret i Sykkylven, tlf. 93 25 55 16

Kommunedirektør Geir Ove Vegsund, programeigar, tlf. 90 93 84 65

Lise Gundersen Haukeberg, prosjektleiar for omstillingsarbeidet.