Vi søker valmedarbeidar

I samband med gjennomføringa av haustens val søker vi etter pålitelege og serviceinnstilte valmedarbeidarar til mottak av førehandsrøyster i perioden 11. august - 5. september. 

Arbeidet går føre seg på dagtid, måndag til fredag. 

Vi ser etter deg som: 

  • er nøyaktig og strukturert
  • har god digital kompetanse og erfaring med bruk av PC 
  • er trygg i møte med menneske og kan gi god rettleiing til veljarane 

Opplæring vil bli gitt. 

Vi har også behov for medarbeidarar på valdagen 8. september. 

Er du interessert? Fyll ut vårt registreringsskjema - valmedarbeidar

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med: 
Synnøve Hunnes tlf: 90 14 02 82.