Offshoreattest

Pasientar som ønsker Helseerklæring for arbeid i petroleumsvirksomheten må til time hjå autorisert petroleumslege Anette Drengk. 

Når treng ein offshoreattest?

Alle som skal jobbe på ein oljeplattform treng å få utført ei helseundersøking der man får ein attest. Det gjeld også for dei som skal på dagsbesøk, kortvarige oppdrag eller jobbar innanfor petroleumssektoren.  

Attesten er eit bevis på at ein er helsemessig skikka, at ein ikkje lider av en eller fleire medisinske tilstandar som kan anta å verte forverra og ikkje utgjer ein fare for helse eller tryggleiken til andre om bord. 
 

Kva inneber ein offshoreattest - kva undersøkingar vert utført?

I ein helseattest er det 2 skjema som skal utfyllast: “Egenerklæring for personer i petroleumsvirksomheten til havs” skal fyllast ut av pasient.  “Legeundersøkelse for personer i petroleumsvirksomheten til havs” skal fyllast ut av lege.

Undersøkingane som vert utført er blant anna synstest, fargesynstest, høgde, vekt og BMI, høyrselstest, blodtrykk, urinprøve, og blodprøver.


Kva bør ein ta med til undersøkinga?

  • Legitimasjon. Viktig! Dersom du ikkje har med nokon form for ID, vil du risikere å verte belasta for time og utan attest.
  • Bruk briller framfor linser slik at legen kan ta synundersøking med og utan synkorrigering.
  • Journalpapir dersom du har ein kronisk sjukdom, eller om du har vert på sjukehus for ei akutt hending.
  • Medisinliste: Om du har fastlege ein annan plass treng legen ei liste over medisinar du brukar frå fastlegen din. Dette gjeld også dei som er utgitt frå spesialistar.  
  • Ta gjerne med eventuell tidlegare godkjent offshoreattest: Når attesten utløpar og dersom du er ny hjå oss, er det lurt å ta den med til timen.
  • Vaksinekort: Det kan ver nødvendig å ta med vaksinekort dersom du skal jobbe i sørlege delar av verda eller “world wide”.  


Førebunad før undersøking

1) Du må møte dagen før eller 30 min før oppsett time for undersøking av høyrselen din.  Ta kontakt med resepsjonen for å avtale dette.  

 2) Skriv ut og fyll ut eigenerklæring. Den skal ikkje signerast før du er til timen, regelverket seier: "Eigenerklæringa skal underskrivast i petroleumslegens eller dykkerlegens påsyn og oppbevarast hjå denne legen".

 3) Dersom du ikkje har fastlege ved Sykkylven legesenter, må du innhente uttale om di generelle helse frå din eigen fastlege. Denne uttalen må du ta med til legetimen. Dette er nødvendig for å sikre at petroleumslegen har oversikt over helsetilstandar som kan diskvalifisere for arbeid offshore, eller tilstandar som kan krevje tilpassing/dispensasjonssøknad.

4) Pris for petroleumsattest 3000,- 
 

Når vil ein ikkje kunne få offshoreattest?

  • Dersom ein har ein akutt sjukdom med ein tilstand som krevjar tidskarantene, eller delar av attesten vert begrensa med omsyn til stilling, funksjon og varigheit.
  • Dersom ein brukar medisinar som er vanedannande og brukar meir enn anbefalt døgndose.
  • Ved spesielle sjukdomstilstandar som ikkje er utgreia frå relevant sekundærtenestelinje (sjukehus). Ein må ha utgreiing frå ein spesialist før ein kan få offshoreattest for enkelte helsetilstandar.
  • Dersom legen ikkje har tilstrekkelege opplysningar om helsetilstanden, eller det ikkje føreligg ei vurdering frå sjukehusspesialist, må det takast ei ytterlegare utgreiing før offshoreattest gis.
  • Dersom ein har ein sjukdom eller helsetilstand som er uforenleg med krava i forskrifta

Obs! Har du Aspergers syndrom, autisme, eller ADHD-diagnose, og det er fyrste gongen du skal søkje om attest, må du få ei eiga spesialistvurdering på at du er egna til å oppfylle kravet. Årsaka til dette er at ei ikkje kan få helseattest utan vedtak frå Statsforvalteren for desse diagnosane. Petroleumslegen vil kunne hjelpe deg med henvisning til spesialist dersom du ikkje har fått ei vurdering.

Kan ein få offshoreattest dersom ein er fargeblind eller fargesvak?

Det kjem an på kva stilling og/eller rolle du har eller ønskjer å ha. Skal du ha utkikksfunksjon må du ha normalt fargesyn. Det gjeld også for elektriker.


Hvor lenge varer en offshoreattest / petroleumsattest?

Gyldighet er maks 2 år, og må fornyast etter dette.

 

Når får eg offshoreattesten?

Offshoreattesten får du av legen same dag du fullfører time og legen har godkjent den. Du må ha med attesten og eventuelt fremvise den på heliporten. Som regel ønskjer arbeidsgivaren å få ein kopi. Ved eventuelle tilsyn, er du også pålagt å fremvise attesten. 

Oversikt over regelverket som styrer petroleumslegen sitt arbeid finn du her:

(1) Forskrift om helsekrav for personer i arbeid på innretninger i petroleumsvirksomheten til havs

(2) Veileder til Forskrift om helsekrav for personer i arbeid på innretninger i petroleumsvirksomheten til havs